Det er gått to større jordskred, som stenger E134 mellom Etne og Kyrping to plassar onsdag ettermiddag. Det er også gått eit mindre ras, men det påverkar berre eit køyrefelt. Dette melder Statens Vegvesen på sine sider.
— Strekninga Håfoss-Håland er stengt, og F548 Skånevikvegen er stengt, dermed er det ikkje mogleg å nytte Skånevik som omkøyringsmoglegheit, melder Vegtrafikksentralen vest på X.
Vegen er stengt ved Bjøndalen og Nautanes som er i Stordalen i Etne.
Vegen som er stengt ved Nautanes, som er rett ved Norheim i Etne, kjem til å vera stengt fram til torsdag ettermiddag i følgje vegvesenet.
Oppdatering kl.19.45
F548 Skånevikvegen er nå open. Det vil seie at ein kan ein køyra frå Etne til Kyrping via Strondavegen til Skånevik.
— Strondavegen er ikkje ein eigna veg for omkøyring, seier Kristian Strømmen som er trafikkoperatør i Statens vegvesen.
Ifølgje Grannar sine kjelder var det ein del trafikk på Strondavegen i 19-tida, og ein må belaga seg på litt venting.
Strømmen anbefaler folk å utsetja turen om ein ikkje må ut å køyra i kveld. Det er framleis farevarsel for flom- og jordskred fram til torsdag ettermiddag.
E134 held stengt til tidlegast klokka 15 torsdag. Det skal koma geolog på formiddagen og det skal ryddast.
—Det er eit ganske stort ras som skal fjernast frå vegbana, seier Kristian Strømmen.
Alvorleg situasjon
—Det er ein alvorleg situasjon på vegnettet i Vestland no, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding sendt ut til alle kommunane onsdag 19.48.
Pressemeldinga kan du lese her.
– Vi ber alle om å vurdere om dei verkeleg må ut på vegen. Situasjonen er uavklart i heile Vestland. Terrenget er vassmetta, det regnar framleis og flaumtoppen i vassdraga er ikkje nådd. Det er mykje overvatn på vegane. Det er fare for alle typar skred. Vi ber instendig alle om å vurdere om dei må ut på vegen i kveld og i natt, seier Svenn Finden i pressemeldinga.
Politiet og Statens vegvesen oppmodar alle om å avgrense trafikken på vegane til eit minimum.
– Det er svært sjeldan at vi går ut med denne typen bodskap, men nå finn vi det riktig, seier Finden.
Skjermdump frå vegvesenet sine sider.
Har du tips om stengte vegar eller flaum? Ta kontakt på tips@grannar.no eller på tipstelefon: 97570789