Farevarsel knytt til ekstremvêret Hans som no herjer lengre aust i Sør-Norge er gradvis utvida på nettstaden varsom.no.
Det er måndag sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskred også i Etne kommune. Varselet gjeld for tysdag og onsdag.
Det er venta ein god del regn i Etne, mest på tysdag med opp mot 55 millimeter nedbør, ifølgje yr.no
Førebels er ikkje Vindafjord ein del av farevarsla som dominerer nesten heile Sør-Noreg.