Etter tre avstemningsrundar på årsmøtet i Skjold Bygdahus Sa torsdag kveld blei det ikkje noko namneendring på det nye bygget i Skjold.
Det har i forkant av møtet vore ein aktiv debatt kring namnet, og fleire alternativ var lufta. På årsmøtet sto valet mellom Skjold Arena, Vikaneshallen og HallSkjold kultur- og sportsarena. Styret i Skjold Bygdahus hadde innstilt på sistnemnde.
Etter to avstemningsrundar sto årsmøtet att med Skjold Arena. Namnet trengde likevel to tredjedelars fleirtal for å gå gjennom, og mangla to stemmer for å få endeleg gjennomslag. Difor blir Skjold Bygdahus ståande, inntil vidare.
Nyvald formann i Skjold Bygdahus, Jarle Haugen, seier det var nokre signal om omkamp kring namnet frå halleigarane i lag og organisasjonar.
— Det var vanskeleg å seia kva namn me ville enda på i forkant, men eg tykkjer jo det var litt trist at det ikkje blei nytt namn. Nå får det vera opp til eigarane si vurdering om dei vil ha eit ekstraordinært årsmøte for omdøyping, seier Haugen.