Kan bli vasskrise i Etne

Kari Aakra Den langvarige frostperioden har senka vasstilførselen i Etne, og kommunen klarer ikkje produsera […]

Kari Aakra

Den langvarige frostperioden har senka vasstilførselen i Etne, og kommunen klarer ikkje produsera nok vatn slik forholda er nå. Etne kommune ber nå alle om å spara på vatnet for å hjelpa til å koma gjennom vasskrisa.

— Me har vatn nok til om lag ti dagar. Dersom me ikkje får nedbør eller lengre frostfri periodar, kan ikkje kommunen garantera reinsa vatn til abonnentane sine etter det, seier fagansvarleg for vatn- og kloakk i Etne kommune, Arvid Ness

Det er særleg i kommunen sitt vassverk på Silla det er kritisk. Vassverket gir vatn til bustadfeltet på Silla og Etne sentrum. Reinsa vatn blir frakta til eit basseng som fordeler vatnet, men vasstanden her minkar, og særleg bustader og næring i sentrumsområdet i Etne kan bli råka.

— Me reknar med å kunna levera nok vatn til Silla-feltet, skulen, institusjonar og bustader ned mot E134. Det er bustader og bygg midt i sentrum som kan få kokevarselet. Me vil så langt det er mogleg prøva å halda verksemdene på Tongane med vatn slik at dei kan halda produksjonen i gong. Dersom me ikkje klarer dette, må me eventuelt til å frakta vatn frå elva og ned til industriområdet, seier Ness til Grannar.

Han oppmodar nå alle til å spara på vatnet, og tenkja seg om kvar gong dei let springen renna.
— Det kan vera svært små ting som hjelper på. Ikkje tapp i badekaret, eller la springen renna når du pussar tennene. Det forsvinn mange liter vatn av slikt, og det er mange mindre tiltak ein kan spara på,   seier Ness.