Forskar Astri Kvassnes ved Norsk institutt for vannforsning (NIVA) presenterte i ettermiddag den første årsrapporten for miljøovervaking rundt AF Miljøbase Vats, og konklusjonen var tydeleg: Ingenting av det dei har funne, har skapt grunn til bekymring.
Rapporten er den første av eit omfattande overvakingsprogram som skal halda fram til 2014, og prøvane som blei gjort i 2009 viser ingen teikn til urovekkande funn i luft eller vatn ved Raunes.
— Til nå er det ingen alarmerande funn, og det som kjem ut av miljøgifter er i så små mengder at det blir brote ned i naturen på vanleg måte. Me har full kontroll over situasjonen og skal følgja tett opp vidare, seier seniorforskar Torgeir Bakke ved NIVA.
Les meir om saka i måndagens Grannar.