Barn og vaksne i alle aldrar stilte opp på flatene i Etne sentrum. Det var kald vind, men borna møtte opp utstyrte med varme kle frå topp til tå og ski på beina.
— Det er jo mest for borna, men vaksne kan få gå om dei ynskjer, fortel leiar av skigruppa, Jon Oddvin Moe.
Tre renn
Bortsett frå den merkbare vinden, koste etnebuane seg i snøen. Ei av dei var Maria Tjelmeland på to år. Ho skulle delta på sitt fyrste skirenn. Mor til Maria fortel at ho pleier å stå heime i hagen, men no skulle toåringen endeleg få prøve seg i ski-løypa.
Albert Nerheim (4) var nummer 57 i barnehagerekka og kjempa seg fram og tok igjen alle som var føre i løypa, og var stolt som ein hane då han kom over målstreken.
— Borna får premie dersom dei deltar på to av tre renn vi arrangerer. Sist me hadde renn var det 16 minusgrader og no er det vind, men folk stiller likevel. Det er veldig kjekt å sjå, seier Jon Oddvin Moe.