Avviser anonyme utspel

Jon Edvardsen — Det blir ei avsporing å blande oss inn i private bossfyllingar. Vi […]

Jon Edvardsen

— Det blir ei avsporing å blande oss inn i private bossfyllingar. Vi står for det vi meiner, og har ikkje behov for å vere anonyme, seier Jøtne.
Han er blant dei mest profilerte motstandarane av aktiviteten til AF Decom Offshore på Raunes.
Ein grundig dokumentasjon av det som blir omtala som avfallsdeponi, er rapportert til fylkesmannen i Rogaland med kopi til ei rekkje instansar, mellom anna Miljøverndepartementet. Ein del av reaksjonen i ettertid er på at dette er gjort anonymt, og blir sett på som ein del av miljøstriden omkring opphogging av oljeinstallasjonar i Nedre Vats.
Indirekte blir miljøengasjerte sett på som avsendaren. Det same gjeld trugsmålet som kom mot lokalpolitikar Ottar Ohm i vår, som er grunneigar der to av fyllingane er.

Opne kort
Jøtne meiner det er feil fokus å rette søkjelyset mot kven som har rapport avfallsdeponia. Og det er i alle fall ikkje folk i Miljøvernforbundet, seier han.
— Alle veit kvar vi står, og det vi meiner seier vi ope med fullt namn. Vi driv ikkje med trugsmål og anonyme brev. Det er ikkje akseptable arbeidsmetodar. Det er fjorden si framtid som er viktig for oss, seier han.
Han er ikkje i tvil om at ulike utspel som kan ha ein miljømerkelapp på seg, blir sett på som Miljøvernforbundet sitt verk.
— Då Ohm fekk trugsmålet mot seg, sa han til media at vi var ei ekstrem sekt. Men vi hadde ingenting med denne e-posten å gjere.

Sprengt postkasse

Han ser at det siste brevet til fylkesmannen har element som knyter det til miljøkampen i bygda, også det første trugsmålet mot lokalpolitikaren Ohm som tydleg flagga at han var tilhengar av opphogginga på Raunes.
— Eg veit ikkje kvifor det er gjort slik. Men legg ikkje skulda på oss. Eg kan aldri tenkje meg at det er nokon som er nær knytt til Miljøvernforbundet som har gjort det. I så fall ville vi kasta dei ut, seier han.
Han synest det er synd at kampen for ein rein Vatsfjord har skapt så store motsetnader i bygda.
Jøtne har sjølv fått sprengt postkassen sin der det vart limt ein merkelapp for AF Decom på, og eit skilt for oljesøl vart planta på plenen hans ei natt.
— Ein del av det er vanlege rampestrekar, men ikkje alt. Det går ei grense nå postkassar blir sprengde og medlemmer i Miljøvernforbundet får trugsmål retta mot seg.

Skriftsekspert
— Det er synd at det er blitt så sterke motpolar når det einaste målet vårt er å bevare ein rein fjord. Det hadde eg ikkje drøymt om, seier han.
Oppfordringa frå leiaren i grendelaget i Vats, Jon Olav Velde, om at det må bli slutt på rykte og anonyme utspel, støttar han fullt ut. Men han ser ingen grunn til at Miljøvernforbundet skal møte i kontaktutvalet for saker som gjeld AF Decom.
— Utvalet er alt for ubalansert sett saman. Dessutan veit alle kva vi meiner. Det er ikkje noko poeng å delta når det er så forskjellige syn på det som skjer i Vatsfjorden, seier han.
Han meiner politiet må ta på alvor og analysere pulveret som vart sendt i brev til eit medlem i forbundet. Det handskrivne trugsmålet mot Brit Ohm har dei sendt til skriftekspert.