Like før midnatt blei ei 18 år gammal kvinne pågripen i Etne sentrum for vald mot ein offentleg tenestemann.
Då den unge kvinna skulle visast bort frå staden der ho var, svarte h med å slå ei polititenestekvinne med ein mobiltelefon.
18-åringen vil bli anmeldt for vad mot offentleg tenestemann, for ikkje å ha følgt pålegget frå politiet, og for å ha hindra politiet i tenesten.