Mitt kulturminne

I dag: Brit OhmStilling: PensjonistBur: Nedre Vats1. 17.mai i Vats— Når nesten alt som kan […]

I dag: Brit Ohm
Stilling: Pensjonist
Bur: Nedre Vats

1. 17.mai i Vats

— Når nesten alt som kan krype og gå, møter opp i sin finaste stas og går i tog til flott musikk, og etterpå hyggjer seg med mat og kaker på Vindafjordhallen.

2. Operaforestilling på Bolsjojteatret i Moskva

— Ein russisk opera med ekta hestar og open ild på scena.

3. Korpsjubileum på Bislett
— Då Longyearbyen skulekorps kom marsjerande i kjeladress og hjelm, og blei klappa inn.

4. Stort bryllup i Casablana
— Brudeparet blei bærde rundt i salen fem gonger, høgt i veret, og bruda bytta kjole mellom kvar gong. Fleire damer stod på eit bord og dansa magedans, medan mennene stod rundt og klappa.

5. Haustane i barndommen min
— Då bedrifta kvart år samla inn den årlege kvoten på over 200 elgskrottar som skulle modnast og delast opp. Eg veit ikkje kor kjøtet blei av, men eimen over staden kan eg enda hugse.


Inger Karin Larsen si topp 5-liste:

(hotellsjef og coach som bir i Skånevik)

1. Platespelaren til onkel Edmund
—Eg fekk låna onkelen min sin platespelar som gjekk på batteri, i tillegg til nokre plater. Eg og nokre andre laga dans under taket på skulen, og me hadde det «heise» kjekt heilt til me fekk beskjed om at det var strengt forbode.

2. Kino
Då far min tok oss med på kino i barndommen stoppa me alltid innom Ottesen si pølsebu. Her fekk me pølsa utan brød, for det var for dyrt. Til dagleg hadde me ikkje tilgong til slik mat, og difor var det ekstra stas.

3. Sirkus i naboen sin kjellar
Dette var kjempegøy, og det var stort sett naboar som kom og såg på. Ein gong hadde me hengt opp plakatane litt for langt vekke, og det kom difor mykje folk. Etter at eg hadde opptredd, var det ingen av dei andre artistane som vågde, fordi det var for mange som såg på. Eg tenkte eg måtte spøta på med litt meir underhaldning i og med at inngangsbilletten var ti øre. Eg song «Veien opp til golvbøtta», og det enda med at publikum gjekk og ville ha pengane tilbake.

4. Mostraspelet
Første gong eg var på Mostraspelet var for 25 år sidan. Då jobba eg i samarbeidsrådet for Sunnhordland, og difor fekk eg vera med å sigla inn saman med pressefolka. Dette vart ei nydeleg totaloppleving som eg alltid vil huska. Seinare har eg fått oppleve fleire store hendingar i Moster amfi.

5. Konsert med Åge Aleksandersen
Under Etnemarknaden heldt Åge Aleksanderen konsert, og det var eit fantastisk augeblikk då han song «Lys og varme» medan sola gjekk ned i bakgrunnen.


Jostein Apeland si topp 5-liste:

(lærar og teaterleiar, bur i Sandeid)

1. Sandeid samfunnshus
Samfunnshuset er eit hus til alle høve. Huset har vore sentralt i det meste som har skjedd her i bygda. Restaurering og fornying opp gjennom har resultert i eit moderne hus den dag i dag. 19. september feirar det 50 år.

2. Teaterturné i Polen i 1984
Som ein del av teater/regiutdanninga fekk ei gruppe reisa på turne til Polen. Eit møte med publikum og eit land ein aldri gløymer.

3. Det første passet mitt
Det opna mange reisedørar. Første interrailturen gjekk i Europa.

4. Første lønsslippen frå Sjernarøy skule – Finnøy kommune
Som student hadde eg eit fantastisk praksisår ved denne skulen, og 1. lønsslippen var ei merkeleg oppleving. 

5. Platespelaren min.
Rund, og gjekk på batteri. Det gjekk berre an å spela singelplater på han, elles tok dei borti dekselet.

Guri L. Ravatn si topp 5-liste:

1. Låna ting av naboen.
— Før var det mykje vanlegare å stikka ein tur til naboen for å låna ein pakke sukker. Samtidig fekk du snakka med naboen. Nå er alle butikkar og bensinstasjonar opne heile tida, seier Ravatn.

2. HSD-bussen, spesielt ruta Sauda-Ølen-Haugesund

3. Julabukkar

4. Nysteikte lappar

5. Leiker: Anne-dukka og gule plastbilar frå Lærdal.

Erik Kvalheim si topp 5-liste, her representant for Etne kommune:

1. Ingvar Moe, Olav Vik

2. Gamle foto

3. Kongesoga om Erling Skakke og Magnus

4. Segn og forteljingar

5. Byggeskikken i Skånevik

Kva er dine favorittar? Send inn ei liste over dine fem beste kulturminne til tips@grannar.no