Tok andreplass i sprangstemne

Ryttaren frå Vindafjord og Etne Rideklubb tok ein andreplass med hesten Lamborghini i 90 cm-klassen […]

Ryttaren frå Vindafjord og Etne Rideklubb tok ein andreplass med hesten Lamborghini i 90 cm-klassen i  eit innlagt sprangstemne under den veke lange rideleiren på Tveit i Tysvær. Karine fylte også torsdag, dagen etter den fine prestasjonen.
Frå same klubb deltok også Halvor Hanssen frå Etne og Linn Jeanett Haraldseid frå Vindafjord, som båe mottok sløyfer for Clear Round i 60 cm.

To gutar og 26 jenter frå heile Haugalandet har kosa seg på den populære sommarleiren i regi av Hegrene Rideklubb i Tysvær denne veka. Med strålande sommarvêr har både hestar og ungdomar kjølt seg ned med meir enn ein tur i det våte element.
I tillegg til sprengstemne har leiren bydd på daglege instruktørturtimar innan sprang og dressur. Fjelltur og grilling har det  også blitt tid til. Så dette har i høgste grad vore ei uforgløymeleg veke.