Banken, som blant anna har kontor i Etne, kuttar renta på utlån og innskot med inntil 0,50 prosentpoeng. Reduksjonen er identisk med sentralbanken si endring av styringsrenta. Beste bustadlånsrente i Sparebanken Vest blir etter dette på 3,20 prosent nominelt.
Rentejusteringa skjer med verknad frå 13. mai på nye lån, og frå 23. juni på eksisterande lån.
— Rentenedsettinga er gjort på bakgrunn av fall i marknadsrentene og forventningar om vidare rentereduksjon, uttaler viseadministrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth.