I vel eitt år har gravemaskinene tatt jafs for jafs, og dynamittgubbane har sprengt seg veg. Rundt 800 meter med voll i terrenget ovanfor Søndenåfeltet i Vikedal skal hindre at steinblokker når ned til hus. På folkemunne i Vikedal går det for Helvetesfjellet, steilbratt og delvis rote fjell, som er ein trugande nabo. For vel to år sidan stoppa store steinblokker ganske nær hus.
Kø av sikring
Før helga var fagansvarleg for vassdragssikring i NVE Region sør, Eirik Traa, og tok ein kikk på rassikringa i Vikedal. Men hadde ingen lovnader om pengar med seg.
— Det er eit nålauge å kome gjennom, og i utgangspunktet er det ikkje pengar til denne sikringa. Det kjem mange søknader og vi har lite pengar i forhold til det som melder seg, seier Eirik Traa.
Ved årsskiftet fekk NVE overført delar av ansvaret som Naturskadefondet har hatt, nemleg for førebyggande rassikring for alt utanom vegar. Men denne typen sikring har berre 10 millionar kroner til disposisjon i året.
— Det er ikkje mange søknadene vi får inn før det er snakk om 100 millionar kroner. Snøskred er også med her. Med eit slikt utgangspunkt blir det ei hard prioritering og få som får, seier Traa.
Er risiko
Men trass dei heller dårlege signala, vil Tor Gunnar Skaar i kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune søkje om eit bidrag frå NVE.
— Vi sender ein søknad og ser kva som skjer. Vi har hatt ein del utgifter på ras- og flaumsikring dei seinare åra, seier han.
Vollen i Vikedal kostar vel 3 millionar kroner for Vindafjord kommune. Skaar er ikkje tvil om at det er ei nødvendig sikring.
— Vi har sett steinblokkene som har kome ned, og geolog har konkludert med at sikring er nødvendig. Kor tid det kjem nytt ras veit vi ikkje, men risikoen er stor. Ein kan ikkje vente til det skjer noko, seier Skaar.
Vollen varierer frå 2,5 til 4,5 meter alt etter terrenget og rasfaren.
— Ein kan ikkje garantere at det ikkje blir skadar om det kjem ras, men skadane vil bli små samanlikna med det som kunne skjedd utan sikring, seier Traa.
Nytt problem
Vindafjord har hatt tre store sikringar mot flaum og ras dei siste åra, men Eirik Traa i NVE ser ingen grunn til å kritisere kommunen for dårleg planlegging av bustadfelt.
— For ein del år tilbake tenkte ein kanskje ikkje så mykje på denne problematikken fordi det ikkje var så aktuell. Men i dag er kommunane flinke til å ta omsyn til denne typen risiko i planlegginga, seier Eirik Traa.
Skaar viser til at felta har eksistert i 30-40 år, men det er først dei seinare åra problemet har oppstått. Hildbjørg Fludal i Vindafjord kommune, som også har ein finger med i rassikringa, og er overtydd om årsaka til at fleire byggjefelt er blitt meir utsette.
— Det er meir nedbør som kjem frå vest, og den er meir intens enn tidlegare, seier ho.
Kjem det 100 millimeter i løpet av eit døgn, er konsekvensane små, men skjer det i løpet av eit par timar, blir det meir dramatisk. Under flaumen i Skjold i 2006, vart det målt 70 millimeter nedbør på halvannan time.