Ras i Åkrafjorden

Klokka var 18.25 då politiet fekk melding om at det hadde gått eit mindre steinras […]

Klokka var 18.25 då politiet fekk melding om at det hadde gått eit mindre steinras på E 134, like aust for bomstasjonen i Åkrafjorden i Etne kommune. Vegen blei ikkje sperra, men små skarpe steinar gjorde at nokre biler punkterte. Vegtrafikksentralen er varsla, opplyser operasjonsleiar Odd Magne Haaversen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.