Løysinga på dårleg politisk styring gjennom mange år, er eigedomsskatt for dei raudgrøne i Vindafjord

Vindafjord Høyre har dei siste åra arbeida for å redusere det totale driftsnivået til kommunen […]

Vindafjord Høyre har dei siste åra arbeida for å redusere det totale driftsnivået til kommunen ved å sikre kvaliteten på tenestene innan dagens driftsnivå. Partiet har og arbeidd for at alle innbyggjarane skal ha same nivå på tenestene uavhengig av geografi. I tillegg har Vindafjord Høyre sett omsorga for eldre og funksjonshemma som prioritert oppgåve.
Konsekvensen av våre prioriteringar er at ein må gjere strukturendringar i grunnskulen, fritidstilbod og helse- omsorgssektoren. Rådmannen hadde i sitt budsjettforslag fleire strakstiltak for å dempe driftsnivået. I store trekk har Vindafjord Høyre stetta desse forslaga i sitt alternative budsjett.
Partiet har vore skeptiske til for store nedskjeringar i pleie- og omsorgssektoren. Dette gjorde at me føreslo å ikkje leggje ned nattsjukepleiarstillinga, i tillegg fann me midlar i vårt budsjett til å etablere dagtilbod for demente.
Strukturendringar i grunnskulen inneber i realiteten ei kvalitetsheving av heile barneskuletilbodet i kommunen. Vindafjord Høgre meiner at alle elevar har rett til å gå i skuleklasse saman med jamaldrande. På same måten skal alle ha rett til eit godt sosialt miljø. Me meiner difor at nedlegging av få-delte skular er ein veg å gå for å sikre berekraftig økonomi til Vindafjord kommune.
Partiet er prinsipielt skeptiske til at små born med rettar til utdanning og utvikling vert skyvd føre som argument for å ikkje endre skulestrukturen. Desse borna skal ha same rett til valfridom og innhald i skulen som andre born.
Andre strukturendringar som vil måtte kome er samanslåing av Helsestasjonar og nedlegging av symjebasseng i Ølen. I tillegg vil det gode arbeidet som har vorte gjort innan pleie- og omsorg vert vidareført. Privatisering av vegar er alt vedteke, men og i denne saka klarte fleirtalet av Vindafjordpolitikarar å redusere vedtaket ved å gjere unntak langt ut over den tverrpolitiske vegnemnda sette som kriterium for kommunale vegar i framtida. Igjen svekka dei raudgrøne moglegheitene for å rasjonalisere drifta.
Sp, Ap og KrF i Vindafjord er kraftig i utakt med innbyggjarane i Vikedal når det gjeld drift av barnehagar. I 2006 gjorde fleirtalet i kommunestyret sitt fatale barnehagevedtak, der ein bestemde at all vidare satsing innan denne sektoren skulle skje med kommunen som byggherre og driftsansvarleg. Konsekvensen er at kommunen måtte ta opp store lån for å finansiere utbygginga. I tillegg driv dei fleste barnehagane med store underskot. Vindafjord Høgre meiner at dette vedtaket åleine svekkar drifta i kommunen i så stor grad at sjølv heile eigedomsskatten på bustader og hytter vert for liten til å dekke dei økonomiske konsekvensane av vedtaket. Vindafjord kommune har alt gode erfaringar med privat barnehage i Ølen og Åmsosen. Moderpartia til Vindafjord Ap og Sp har velsigna private barnehageutbyggjarar for deira bidrag til å gje full og fullverdig barnehagedekning på landsbasis. Vindafjord Høyre har vore motstandar av det politiske fleirtalet sitt sløseri med investerings- og driftsmidlar innan denne sektoren.
Vindafjord Høyre vil fortsetje arbeidet med å unngå store nedskjeringar på dei største skulane og i eldreomsorga.
Arbeidet vårt er drive av eit samfunnsengasjement der me ynskjer å sikre innbyggjarane i kommunen kvalitativt gode tenester frå det offentlege, og å gjere kommunen i stand til å vere ein aktiv samfunnsbyggjar på landsbygda. Me kjenner ansvaret med å vere folkevalt. Dette inneber og ei nøktern forvaltning av fellesskapet sine midlar. For å få til dette krev det styring både med inntekter og utgifter. Me er kritiske til at politikarar sender rekninga til folk flest når dei ikkje greier å styre økonomien. Media og politiske motstandarar har heile hausten vore flinke å fortelje det dei oppfattar som negative konsekvensar av våre budsjettforslag. Der er ingen som har referert oss på korkje nattsjukepleiartenesta eller dagtilbud for demente. Det er faktisk mogleg å drive økonomisk forsvarleg og samstundes gje dei svakaste innbyggjarane våre eit betre tilbod utan å krevje innbyggjarane for ein sosialt urettvis ekstraskatt. Det er og på sin plass å minne om at Sp og KrF i sitt budsjettforslag vil gjere strukturendringar i skulen.
Politisk styring krev vilje til å ta ansvar. Ingen av dagens kommunestyrerepresentantar frå Vindafjord Høgre har meldt seg til teneste for å verte populære. Då ville me nok heller slått oss på underhaldningsbransjen.

Terje Kleiven
Nestleiar i Vindafjord Høgre