Men debatten om jordbruksoppgjeret i Stortinget avslørte for alle kor stor usemje og sprik det er i den borgarlege leiren. Framstegspartiet og Høgre vil ta frå bøndene forhandlingsmoglegheiter og redusere overføringane med enorme beløp. Venstre vil framleis ha forhandlingar, og Kristeleg Folkeparti vil både ha forhandlingar og større overføringar til jordbruket. Og debatten om jordbruket kjem i rekkja av mange andre saker som berre stadfestar at det er store sprik og kaos på borgarleg side.
Og vi også har registret at Høgres næringspolitiske talsmann Torbjørn Hansen nyleg slakta Framstegspartiet sin jordbrukspolitikk: «Etter min mening er Fremskrittspartiets jordbrukspolitikk totalt uansvarlig og vil medføre en rasering av jordbruket i Norge. Den type politikk er helt uaktuell for et verdikonservativt parti».
For oss som har som mål å ha eit aktivt landbruk i heile landet, må eg seia at det i seg sjølv var positiv lesing. Men i Næringskomiteens innstilling var Høgre og Framstegspartiet einige i heile 19 merknader. Det må jo vera paradoksalt at ein i Høgre på den eine sida er veldig oppteken av å få avstand til Framstegspartiet, mens ein på den andre sida klistrar seg saman i innstillinga – som Frp-representanten Kielland Asmyhr kalla det – som «siamesiske tvillinger».
Vi skal vere glad for at Frp og Høgre, eventuelt i kompaniskap med Venstre og Kristeleg Folkeparti, enno ikkje har makt til å setje i gang sitt jordbrukspolitiske eksperiment!
Stortingsrepresentant
Gunvor Eldegard,
Arbeidarpartiet –
Næringskomiteen