Vi har i dag ei globalisering av næringslivet som gir eit stadig større sug mot engelsk i nesten alle land. Denne internasjonaliseringa slår også inn i forsking og undervisning. Pessimistar ser mørkt på det norske språket sin posisjon dersom denne utviklinga held fram. Det er nødvendig å ta grep for å sikre at norsk blir hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg også om 100 år.
Stortingsmeldinga har 100 prioriterte tiltak for å styrke det norske språket sin posisjon. Det er vanskelegast å nå fram med verkemiddel i internasjonaliseringa som skjer i næringslivet. Å lovfeste at universitet og høgskular skal ha ansvar for å vedlikehalde og uvikle eit norsk fagspråk, vil lettare få effekt. Det er både snobberi og lite gjennomtenkt av dei høgaste utdanningsinstitusjonane her i landet å la engelsk overta. Når norsk taper terreng, skjer det i stor grad ved at norsk taper bruksområde, spesielt innanfor teknologi og næringsliv. Difor er det nødvendig at norsk og engelsk kan fungere parallelt, men at norsk blir verande det språket vi helst brukar. Det vil koste pengar, og det vil i ettertid vise seg kor mykje pengar det offentlege er villig til å bruke.
Sjølv om det finst mange gode tiltak i meldinga, kan ein innvende at det er ei grense for kor langt ein kan styre språket gjennom offentlege institusjonar. Både næringslivet og populærkulturen må vise ansvar for å ta vare på det norske språket. Mange tar nok lettvint på det i dag. Ein må vere stolt av sitt eige språk for å ville bruke det. I vårt område ser ein klare tendensar til at ungdom går over til bokmål, og at næringslivet ikkje har ei medviten haldning til nynorsk.