Både Skjold barnehage og Skjold skulekorps møtte opp då varaordførar Marit Aga Hustvedt klipte snora.
— I tillegg til å sikre dei mjuke trafikkantane her i Skjold, er det nye anlegget eit fint innslag i vegbilete for dei passerande, sa Hustvedt i talen.
Ho kom også med helsing frå samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Arbeidet med det nye fortauet starta opp like rundt årsskiftet. I alt har anlegget kosta 7,5 millionar, og fungerande distriktssjef i Statens Vegvesen, Petter Sivertsen, meinte det var vel investerte pengar.
Den siste beten
Tidlegare har det vore ein del reaksjonar på at fortauet burde gått eit lite stykke lenger. Dei siste 200 meterane tener to hus, men dersom den hadde vorte 100 meter lenger, hadde 13 husstandar til fått gleda av gangvegen.
— Det er ikkje noko nytt i denne saka. Me har sagt at dersom det er pengar igjen etter at arbeidet no er ferdig, så skal me sjå kva me kan gjere, seier byggeleiar Knut Utaaker i Statens Vegvesen.
Han fortel at dei siste 120 meterane er ekstra kostbare fordi det mellom anna er naturstein langs denne strekninga.
Hindringar
Det har vore nødvendig med ein del tilleggsarbeid i prosessen. Overvatn i området har tatt ein god del ekstra tid. Trafikken har også skapt ein del problem.
— Me måtte setje opp trafikklys fordi trafikkantane kom i altfor høg fart, seier Utaaker.
Under arbeidet har det vore mykje fokusering på helse, miljø og tryggleik. Det har ført til at anlegget er oppført utan arbeidsskadar.