Vil ha dialog i miljøstrid

Både Raunes Fiskefarm AS og Norges Miljøvernforbund avd. Vats er i offentleg ordkrig med AF […]

Både Raunes Fiskefarm AS og Norges Miljøvernforbund avd. Vats er i offentleg ordkrig med AF Decom som har fått løyve til å hogge opp oljeinstallasjonar med miljøfarleg avfall på Raunes i Vats.
Kommunestyret i Vindafjord har tidlegare bede om eit slikt kontaktutval i samband med at politikarane opna opp for miljøkonflikten ved å seie ja til at AF Decom kunne trappe opp aktiviteten sin på industriområdet ved Vatsfjorden.

Folkemøte
— Dette vil vi ta opp i samband med møtet om kommuneplanen i Vindafjordhallen på torsdag. Ordkrigen viser at det er behov for eit kontaktutval der partane kan kome saman, og snakke direkte med kvarandre og utveksle informasjon. No har jo AF Decom og miljøvernarane kvar sitt møte der dei vil informere folk i Vats. Eg trur dette er splittande for folk i Vats, og det er uheldig, seier Bergsvåg.
— Er det realistisk med dialog når interessene og avstanden er så stor i tolkinga av kva som er i ferd med å skje?
— Det er ein uheldig situasjon, og vi må ha tru på at dialog er mogleg. Det blir retta ein del alvorlege påstandar både mot bedrifta og kommunen. Vi bør gripe fatt i denne ordkrigen, seier ordføraren.
I tillegg til dei omtalte partane, mein![CDATA[Grannar Avis]]>

Elisabeth Guldhav