Kunstgrasbana var ferdig for vel ei veke sidan, og dommen er klar: dette er ei flott bane.
— Eg trur ikkje det er mange andre som har så flott bane. Den er kjempebra, meiner Yngve Helleland.
Håvard Stople, Mads Jørgen Vikestad, Paal Klungland og Martin Djuve Vågen er også på plass på den nye stadion, og synest kunstgraset er storarta.
Meir fotball
— Her får du ikkje farge på kleda heller, meiner Martin Djuve Vågen.
Dei er ikkje i tvil om at den nye bana kjem til å bli meir brukt enn den gamle grasbana. Dei har følgt med i arbeidet sidan starten i fjor haust, og har venta på at det vart vår nok til at den kunne gjerast ferdig.
— Eg kjem til å spele endå meir fotball, men det er litt dumt at bana er så mykje opptatt med trening og kampar, seier Yngve Helleland.
God respons
Kunstgrasbanen skulle vere ferdig før vinteren, men på grunn av litt sein leveranse av kunstgraset, og deretter dårleg vêr og litt kuldegrader, vart ikkje bana ferdig. Dermed måtte dei vente på våren.
— Vi måtte ta opp igjen litt liming, men det var berre eit par dagars arbeid. Resultatet er blitt veldig bra. Vi har fått god respons frå dei som har brukt bana, blant anna treningskamp, om at kunstgraset er kjempebra, fortel Johnny Vik.
Han har vore Ølen idrettslag sin representant i prosjektgruppa, og har saman med Sigmund Lunde hatt ein finger med i det meste. Det er Omega AS som har hatt entreprisen, og Lunde har hatt jobben med å få næringslivet på banen med finansiering. Tippemidlar er den tyngste posten.
I følgje Johnny Vik har dei klart å halde seg innanfor budsjettet på 6,2 millionar kroner netto. Sidan Vindafjord kommune skal leige bana i 40 år er det ikkje moms på investeringa. Ølen Idrettslag eig det nye anlegget.
Fleire krumtappar
— Det gjenstår litt før anlegget blir ferdig. Vi byggjer ein lévegg, men tribune blir ikkje laga i denne omgang. Der må vi avklare finansieringa først. Ved at Vindafjord kommune gjekk inn med 300.000 kroner har vi fått miljøvennleg termoplast i staden for resirkulert gummi. Det er ikkje mange kunstgrasbaner som har det, fortel Vik.
Det er Sport Surface AS som har levert kunstgraset, og dei har hatt eit nederlandsk selskap til å montere det. Av lokal dugnad har Helge Søndenå og Per Sven Rørtveit vore sentrale krumtappar for å organisere arbeidet.
Litt ekstra
— Det er mange som har bidratt. Vi fekk også låne skuleklassar då gummimattene vart lagt ut over bana, fortel Vik.
Det er 7.200 kvadratmeter med gummiunderlag og kunstgras som er lagt ut over den nye Ølen stadion.
— Vi har fått godt lys på bana også. Det slår seg automatisk av klokka ti om kvelden. Det er kjekt å sjå at det er så mange ungar på bana, seier Vik.
Neste prosjekt er å leggje kunstgras bak det eine målet, slik at det er litt plass å boltre seg på sjølv om bana er opptatt.