Stor Rootsstemning

Årets Rootsfestival kan glimte med rekordstore besøkstal, igjen. Omlag 8000 fant vegen til Vikedal i […]

Årets Rootsfestival kan glimte med rekordstore besøkstal, igjen. Omlag 8000 fant vegen til Vikedal i helga, og festivalen har hatt noko for alle. Opplegget i festivalteltet på kvelden var veldig bra med musikk mellom konsertane, noko som batt showet veldig godt saman og heldt på den gode stemninga inne i teltet heile kvelden. Rootsfestivalen hadde konferansier Jarle Nes, som fekk folk inn i teltet før konsertane starta. Han gjorde dei bevisste på at noko var på gong.
— Eg er litt nervøs, men det er veldig kjekt å vere konferansier med så mange kjekke musikarar her, sa Nes.

Smil, «trøkk» og lightergass
Stor artist med stort smil, beskriver best årets Rootsfestival sitt største namn. Maggie Reilly var berre eit stor smil under heile konserten, og ho skapa stor jubel i festivalteltet. Og regnet gjorde henne ingenting.
— Det er nesten som heime i Skottland, sa Reilly før ho oppfordra publikum til dans om dei var kalde. Og folk tok henne sjølvsagt på ordet. Med songar frå nytt album viste ho at ho slett ikkje har ligge på latsida.
— Dette er siste songen, sa ho om «Moonlight Shadow» til publikums store tilfredsskap, men fortviling då ho forlèt scenen. Men ho kom att og enda visa med ein ballade for å roe ned publikum.
Før henne fekk Minor Majority lighterane opp av lomma på folk med melodiøs rock, og skapte god stemning med mange velkjente hitar.
Det irsk-amerikanske bandet The Young Dubliners avslutta laurdagen og den delen av festivalen som gjekk føre seg i det store teltet. Bandet
var forventa å skulle skape mykje liv. Det svarte til forventningane frå første song, og festivalen kunne vel ikkje ende betre.

Fredagen størst
Stavangerbandet Stonefish Brigade sende årets første tonar ut i festivalteltet fredag kveld. Og sjølv om det ikkje var fullsett inne i teltet var jubelen stor blant dei oppmøtte.
Men medan Stonefish Brigade syntest det var kaldt i Vikedal, hadde skotske The Fortunate Sons problem med å halde sveitten i sjakk. Bandet som overraska dei fleste viser at Rootsfestival-leiinga har stort talent for å finne gode nykomarar. Publikum koste seg, og skottane hadde det fantastisk kjekt på scenen i Vikedal. Her rauk både felestrengar og gitarstrengar for kvartetten som gav ut debutalbum i juni i år.

Årets publikumsartist
Årets publikumsartist kom etter skottane. Til og med før dei var blitt annonserte hadde folk sikra seg ein plass framføre scenen. Dei var i Vikedal for første gong og har lenge vore på ønskelista for festivalen.
— Me har aldri vore i Vikedal før, men det ser lovande ut, sa ein heller beskjeden Aslag Haugen til dei omlag 3500 oppmøtte, som gjorde at fredagen blei den beste dagen i festivalen rekna i besøkande.
Noregs største rootsband hadde litt oppstartsproblem med lyd, men dette ordna seg raskt. Og om Aslag lite truleg skulle ha gløymt teksten denne kvelden var det heilt sikkert mange som kunne ha hjelpt han.