Til saman er det selt rundt 10 000 billettar til årets festival. Det er solid publikumsrekord for bluesen. Rundt halvparten av dei var på konserten med Paul Rodgers laurdag kveld. Det er også rekord for ein einskild konsert.
— Med dei tilbakemeldingane me har fått frå publikum og artistar, så gjev det heilt klart inspirasjon til å stå på vidare og laga gode festivalar også framover. Det er mange som står på rundt festivalen for å få dette til, seier Alf Warloe Christophersen.
Kanskje neste år
At ZZ Top melde avbod i siste liten, gjorde ingenting for billettsalet.
— Nei det hadde nok ikkje innverknad på publikum. Me kjem nok til å prøve igjen neste år med ZZ Top. Me har prøvt tre år, og dei har avlyst europaturneen sin tre gonger. Det gjer det usikkert, seier festivalgeneralen Christophersen.
Han er allereie starta å tenkje på neste festival. Ein han garantert ønskjer tilbake er Joe Bonamassa som avslutta konsertane fredag kveld.
— Ein av dei beste konsertane me har hatt på festivalen etter min smak. Mange vil nok seia det same om Paul Rodgers laurdag kveld, seier Alf Warloe Christophersen som meiner det var eit lurt trekk å ta Paul Rodgers tidleg laurdag.
— Det var litt fordi dei eigentleg skulle ha reist vidare same kveld, men også fordi me ville ha folk ut litt tidlegare. Det klarte me, og eg ser ikkje vekk frå at det vil skje igjen, seier han.
Allsong
Og stemning vart det i bluesteltet då Paul Rodgers entra scena. Publikum var med frå første stund på allsong, noko Rodgers sjølv gav uttrykk for at han sette stor pris på. Konserten var då også det klare høgdepunkt denne kvelden.
Fleire kunne med fordel også fått med seg Skåneviks-bandet Hereide & The Bluesgangsters som opna konsertane i teltet laurdag kveld. Godt at lokale band får visa at dei også kan.
Men om det rocka av Paul Rodgers, så kom bluesen til sin rett når Shemekia Copeland overtok. Med kraftfull stemme og eit band som gav alt, svinga det skikkeleg.
Festivalen vart avslutta med Coco Montoya som gjorde laurdagskvelden nærmast fullkommen når det gjeld innhald. Blandinga av rock og blues frå scena er eit absolutt pluss for Skånevik Bluesfestival.
Fyrverkeri
Fredagen var den store bluesdagen, med Jody Williams, Billy Boy Arnold, Deitra Farr og Chicago Blues Band og Joe Bonamassa til slutt. Bonamassa leverte ein konsert som mange bluesfrelste vil leva lenge på. Ikkje rart at Christophersen ønskjer han tilbake neste år.
Opningsdagen på torsdag var den minst blå i år. Etne-bandet The Caligvla’s Sisters, som har hausta stor interesse i musikkverda i det siste, viste god kjemi og stor sjølvtillit på scena og klarte å levera godt trass eit fåtallig publikum i bluesteltet.
Men det kom seg på publikumsfronten då Mira Craig var klar for scena. Med bandet rigga opp klare til å ta i mot den halvt norske halvt amerikanske jenta, var tilstrøyminga stor til teltet. Frå første låt hadde ho publikum med seg og ei bølgje av sydlege rytmar sette preg, spesielt i den kvinnelege delen av publikumarane. Mira Craig var i kjent stil eit fyrverkeri på scena også denne kvelden.
— Det var heilt fantastisk kjekt, men eg stod over scenedivet i dag, sa ei smilande Mira Craig til Grannar i det ho forlèt teltet til fordel for massasje på Skånevik Fjordhotell.
Ho kunne med fordel vore litt lenger på scena då mange av dei kjente låtane hennar var sakna blant publikum.
The Waterboys avslutta torsdagen og var kveldens favoritt skal ein rekne utifrå publikumsantalet. Det britisk-irske bandet let seg venta på, og problem med lyden, spesielt i byrjinga, var med og trakk ned denne konsertopplevinga.
The Waterboys sin musikk er veldig variert på grunn av innspel frå mange forskjellige bandmedlemmer med ulike bakgrunnar opp gjennom tidene. Og keltiske rock appellerte til publikum som mot slutten nytta rastebenkene til danseplass.