I mange år har smelteverksindustrien og produksjon av avanserte industrimaskinar vore hovudindustriområde for SMV i Skånevik, medan produkt og tenester til kraftindustrien har vore ein varierande og liten del av den totale omsetjinga. I år kan selskapa Energi Teknikk AS og SMV byrja hausta inn frukt av åtte års beinhard satsing på kraftindustrien.
— I samarbeid med Energi Teknikk AS i Dimmelsvik, som er SMV sin hovudkunde, konstruerar og produserar SMV kraftturbinar for mini –og småkraftverk til heile landet. Energi Teknikk AS står for systemdesign, marknad og sal, medan SMV står for konstruksjon og produksjon av turbinane, opplyser Lars Hovda, dagleg leiar ved SMV.
Lars Hovda vonar at dagens kraftmarknad vil halda seg i åra framover.
— Dersom regjeringa skal halda på lovnadene sine, vert det aukande marknad for småkraftverk i tiåra som kjem. For SMV tyder det at bedrifta får eit ekstra bein å stå på. Allereie til neste år vil me ha ni til ti årsverk som er retta mot dette marknadsområdet, og omsetninga vil då auka med omlag ni millionar kroner, seier Lars Hovda.
Jobba seg opp
Ifølgje Hovda har satsinga på kraftindustrien vore ein utfordrande veg å gå. For å komme i mål, måtte selskapa Energi Teknikk AS og SMV til med relativt store etableringskostnader for å verta rekna som ein solid og seriøs leverandør. Men i dag kan selskapa saman gleda seg over det oppnådde resultatet.
— I løpet av dei siste fem åra har me fått brei erfaring i — og god kompetanse på — konstruksjon av småkraftanlegg. Dagens kraftkundar er meir og meir profesjonelle. Dei treng leverandørar som er store nok til å stå løpet fullt ut, og både levera, montera og stå for effektiv service dei neste åra, seier Lars Hovda.
Stor marknad
Hans Martin Hjelmeland, dagleg leiar ved Energi Teknikk AS, opplyser at den auka marknaden for kraftturbinar er eit resultat av straumunderskotet dei siste åra og høg etterspurnad etter små vassressursar som var ikkje tekne i bruk før.
— Regjeringa har eit mål om å setja i gong over 4.200 potensielle utbyggingsprosjekt av småkraftverk i løpet av fem til ti år. Dette er eit optimistisk tal, fordi ikkje alle vassdrag duger til å byggja kraftverk i. Men gjennomfører ein halvparten av desse utbyggingsprosjekta, er det nok til å bidra til ein vesentleg verdiskaping på landsbygdene samstundes som storsamfunnet får tilgang på rein og fornybar energi, meiner Hjelmeland.
Dersom straumprisen ikkje går ned, vil Energi Teknikk AS i løpet av to-tre år kunne levera 30-50 kraftturbinar. Til nå har Energi Teknikk AS levert 25 komplette småkraft anlegg, og det er 35 småkraftverk i ordre.
Omsetninga til Energi Teknikk dei siste tre åra vart dobla kvart år – frå 5,5 millionar kroner i 2004, til 12,5 millionar i 2005 og 24 millionar i år.
— Det tyder ikkje at me vhøvesvis Vindafjord kommune og Etne kommune på generalforsamlinga i Norsk Bane AS på Vågslid 29. mai i år. Norsk Bane AS står framom eit stort løft i oppslutnaden no når hovudtyngda av det politiske miljøet i landet for alvor har byrja å få augo opp for kva ei satsing på høgfartsbane kan få å seia for transporteffektiviteten og ikkje minst miljøet.
På generalforsamlinga vart det vedteke å utvida aksjekapitalen i selskapet slik at vidare planlegging av linjenett og arbeidet mot avgjersletakarar i stat, fylke, kommunar og bedrifter kan styrkast monaleg.
Vi vil med dette oppmoda alle innbyggjarar i våre kommunar om å ta del i denne aksjeteikninga og vera med å tryggja framtida for distriktet og klimaet på kloden vår. Gå inn på http://www.norskbane.no for nærare opplysningar.
Åsmund Kalstveit og Ole Funderud