Vats – slik Dagbladet ser det

Artig er det og å lesa korleis Vats blir beskrive i einskilde aviser. Dagbladet, til […]

Artig er det og å lesa korleis Vats blir beskrive i einskilde aviser. Dagbladet, til dømes, har sendt sin Stavanger-korrespondent Per Lars Tonstad til Knapphus for å intervjua Håvard. Intervjuet er publisert i nettutgåva av Dagbladet laurdag 16. juni.
Høyr berre: «Håvard Nordtveit er oppvokst i den lille bygda Vats noen mil øst for Haugesund. Her finnes en bensinstasjon og et gatekjøkken, en nedlagt skole og en stengt landhandel. Bønder slår gresset og kyr beiter på vollene ned mot vannet. Det er et landskap som turistene og Åslaug Haga elsker, kontrasten til London er enorm.»
Og vidare: «…til og med på bedehuset og i syforeningene tiskes og hviskes det nok om Arsenal nå, og den røde logoen limes antakelig snart på traktorene i bygda…»
At kontrasten til London er enorm, er det nok ingen som tvilar på. Eg trur faktisk det er ein viss kontrast mellom Stavanger og London òg. Kan vel seia det – utan å fornærma korkje siddisane eller sirdølen Tonstad?
Men i Vats er det altså berre ein bensinstasjon og eit gatekjøken. Skulen og landhandelen er nedlagd. Stusslege greier. Berre i frå bedehuset kan høyrast ein stille «tisken og hvisken».
Hatteland, AF Decom, Coop Vats, Tors Kolonial, Traktor&Maskin, Vats skule, Vindafjordhallen, Vindafjordtunet – har me tatt feil? Dei eksisterer ikkje. Ikkje for Dagbladet. Her er berre kyr og traktorar. Slikt som Åslaug Haga elskar. Signe deg, Åslaug.
Ok, Norwegian Contractors sin aktivitet på Raunes ligg nok for langt tilbake i tid. Kanskje det finst nokre runeinskripsjonar om det på bergveggene der ute, eg veit ikkje.
Oljeplatformene som vart bygde der eksisterer i alle fall, dei er føreslegne tekne med på lista over «Norges sju største underverker». Men for Tonstad har alt dette gått hus forbi, sjølv om han har vore journalist i Stavanger i ein mannsalder.
Du har «drite» deg ut, Tonstad, me held på å flira oss forderva her me veltar oss nedover dei grøne vollane og gledar oss til å sjå Arsenal-kampane til hausten på storskjerm på bedehuset i lag med alle syforeningsdamene våre. Heia SK Vats.

Åsmund Kalstveit
Øvre Vats