Fram til tidleg føremiddag etter den første laksenatta var det tatt 27 fine laksar i Etneelva. Ein tilsvarande oversikt i Vikedalselva var sju laksar og tre aurar det første halve døgnet. Også i Vikedalselva var det fin laks frå fire kg og opp tilover åtte som beit på kroken dei første timane.
Fin fisk
Ein av dei glade laksane på land var Jan Vinje i Etne som noterte personleg rekord med ein laks på 8,9 kg. Den gamle rekorden var 7,5 kg. Han fiska saman med Rune Kringlebotten som fekk ein laks på 9,2 kg. Tredjemann i sone 10 var Terje Bjørgen som fekk ein på 1,2 kg.
Mest skjelven var Rune Kringlebotten som fekk storlaksen på ei einhands flogestang. Det var på hogg og belegg han klarte å berge fisken og måtte springe etter ned i neste sone før han fekk matta laksen ut.
Eventyr
— Ein kan ikkje kalle det anna enn eventyrleg med så fine fiskar. For å vere på eit halvt døgn er det ein god start. Men vi hadde skikkeleg tru på det på førehand. Det var natta for å få fisk, seier Jan Vinje.
Optimismen baserte seg på fin temperatur både i elva og i lufta, pluss ideelt med vatn i elva. Temperaturen i elva var ni grader.
— Vi tok alle laksane med floge. Det pleier å vere ei god elv for flogefiske i juni. Eg starta med å fiske i berre skjorta og temperturen var 14 grader, fortel Vinje.
Den første laksen i Etneelva vart tatt av Ragnhild Risane etter ti minutt, klokka 24.10. Den var 5,7 kg.
Er liv
— Det er tidleg enno og vi pleier ikkje ta så mange fiskar det første døgnet. Det er i alle fall liv og fisk i elva. Dei som observerer har sett mykje fisk som har gått opp, seier Berge Kjell Opsal som har ein av dei gode fiskeplassane i Vikedalselva.
I hølen hans vart det tatt ein laks på fire kg. Lenger oppe hos Hallvard Roalkvam vart det tatt tre laksar og ein aure. Nedanfor Opsalsfossen vart det landa to laksar og eit par aurar det første halve døgnet. Den største var 8,4 kg. Det vart også tatt ein laks på over åtte kg i den såkalla Saudahølen.
Normal start
Størst fiskelukke var det i sone 20 i Etneelva med åtte laksar.
— Det er ein start på det jamne i elva. Det pleier å vere godt fiske i starten, seier Nick Jacobsen i Etne elveeigarlag.
Han meiner spådommen om at det er mykje stor laks over sju kg i år, ser ut til å slå til. Samanlikna med i fjor er det att mange store laksar det første døgnet i Etneelva.