Går det den vegen høna sparkar?

Inntektene i norsk landbruk sakkar framleis akterut, medan Roar Flåthen snakkar om det beste lønsoppgjeret […]

Inntektene i norsk landbruk sakkar framleis akterut, medan Roar Flåthen snakkar om det beste lønsoppgjeret på 20 år: 4,5%
Vi har aldri brukt så lite pengar på mat i moderne tid som no. Omlag 12 kroner av 100-lappen. Etter krigen gjekk 40 kroner av kvar 100-lapp til det same.
 
Og norsk mat er dyr !!!
Staten brukar omlag 11,5 mrd. i årets jordbruksoppgjer no. 1,5mrd går til inn og uttransport av mjølk. Forbrukarsubsidiar, som gjer at vi alle kan kjøpe mjølk for lik pris i heile landet. Slik kan ein få fram tal på område etter område, godt pakka inn i overføringar til matprodusentane våre.
Eg skjemmest når mjølkeprodusenten, han som går i fjøset to gonger dagleg 365 dagar i året berre får kroner 3,30 pr. liter og salsprisen er godt over 11 kroner. Ingen treng fortelja meg kven som får fortenesta. At kraftfor, gjødsel, dyrlege og alle andre innsatsfaktorar, før mjølka kjem på tank, skal dekkast av dei 3,30 kronene.
 
Kjøtmangel
Vi har mangel på storfekjøt, og importerer blant anna i frå Sør-Amerika. Vi har mangel på sauekjøt, importen kjem frå New Zealand. No er det underdekning på kylling. Ja, eg spør på nytt. Går det den vegen høna sparkar? Vi et langreist mat, med den forureininga dette gir. Sjølvforsyningsgraden er under 50 prosent.
I frå 1995 til i dag har halvparten av gardsbruka i Troms lagt ned. I Sogn og Fjordane gir sauebøndene opp. Finnmark er snart ikkje sjølvforsynt på mjølk. Krattskogen tek over kulturlandskapet, og vi køyrer i grøne tunnelar.
 
Når vi må dele.
Korleis vil det bli når kinesarane og indarane med veksande økonomi melder seg på og vil ha kjøt til risen sin? Dei er mange! Svaret gir seg sjølv, matprisane vil auke med etterspørselen.
Med klimaendringar, ekstremver og ørkenutvidingar vil matproduksjonen naturleg avta. Matvarekampen vil tilta.
Det er mange ting ein skal ha i tankane i år og åra som kjem. Men skjebnetimen vår er ikkje langt unna om vi vil ha landbruk over heile landet. Bønder som går ut av næringa, kjem ikkje inn att. Det minste dei forlangar er løn for arbeid. Då må produsentprisane opp. I respekt for trygg mat, velstelte bygder og andre kvalitetar vi andre ynskjer oss, bør alle vera med å betala litt meir.
Ikkje minst har påskehandelen gitt visse assosiasjonar. For kva er det vi legg i handlekorga? Det det er minst av, er matvarer tufta på norsk landbruk. Til ferie og fritid brukar vi no omlag 25 kroner av 100-lappen.
  
Sigrun Eng (AP)