— Det var håpet at vi skulle klare det til haustsesongen i år. Slik det ser ut no, er det ingen hinder for at jobben kan bli gjort i sommar, fortel Johnny Vik.
Han er styremedlem i Ølen idrettslag og primus motor for arbeidet med kunstgrasbane i Ølen. Det er eit samarbeidsprosjekt med GrannKam der det har vore arbeidd med ulike planar i to år.
Bedrifter bidrar
Den nye kunstgrasbanen har ein prislapp på seks millionar kroner.
— Vi har fått god respons frå næringslivet. Totalt reknar vi med å få inn 1,5 millionar kroner frå private. Når kommunen er utbyggjar, får vi tilbake momsen. Dermed er banen så godt som fullfinansiert med dugnad og litt ekstra inntekter vi vil få inn fram til sommaren, fortel Vik.
Så lang har fem bedrifter gått inn med sponsoravtaler over fem år der kvar enkelt bidrar med 200.000 kroner. Prosjektet har også fått mindre beløp frå andre bedrifter.
Ølen Idrettslag går inn med 500.000 kroner og GrannKam med 250.000 kroner. Det er Ølen Idrettslag som eig dagens grasbane som skal bli til kunstgras.
Klarsignal
Siste klarsignalet kjem etter alt å dømme i kommunestyret i Vindafjord på tysdag. Kommunen skal stå som utbyggjar av kunstgrasbanen slik at prosjektet får tilbake ein million kroner i moms.
Dessutan skal Vindafjord forskottere statlege spelemidlar på to millionar kroner ved å ta opp eit lån fram til pengane blir utbetalt. Formannskapet tilrår begge delar.
— Kommunen si deltaking er nødvendig. Samstundes er det eit godt tilbod å seie ja til sidan det er fullfinansiert utan annan kommunal deltaking enn forskottering av spelemidlane, seier Johnny Vik.
Kommunen blir eigar av banen i 40 år, og Ølen Idrettslag og GrannKam skal leige banen.
Stor betydning
Kunstgrasbanen får også flaumlys rundt, og det vil utvide brukstida i den mørke årstida. I tillegg er dagens grasbane i dårleg forfatning.
— Eit samla årsmøte i idrettslaget gjekk inn for å leggje om frå gras til kunstgras. Det får stor betydning både for fotballen og barn og unge at vi får kunstgras som toler ein heilt annan bruk enn gras, seier Johnny Vik.
Idrettslaget vurderte lenge å byggje kunstgrasbane nord for dagens grasbane. Men det ville medføre kjøp av grunn og at kommunen truleg måtte inn med fleire millionar kroner for å få det til.
— Dette alternativet vart for komplisert og tidkrevjande. Vi valde difor den enklare løysinga med å leggje kunstgras på dagens grasbane, seier Johnny Vik.
Han seier at signalet er at Vindafjord har fått lite statlege spelemidlar og at det kan gå relativt raskt å få tilsegn om midlar. Kunstgrasbanen står bak idrettshall i Vikedal på den lokale prioriteringslista.