— No får eg gle meg over sølvet, og så får VM-uttaket bli som det blir. Eg har i alle fall gjort det beste eg kunne her og no, seier Bjørnar Larsen som gjorde eit bra distanserenn i klassisk.
På fellestarten var han derimot ikkje nøgd.
— Det var eit dårleg renn av fleire grunnar. Eg hadde to stavbrekk, og eg vakna også tysdag i førre veke med ein svært sår hals. Den hemma meg nok på opningsøvinga, medan det ikkje var like plagsamt i helga, seier Bjørnar Larsen.
Rein vilje
Han presiserar at laurdagens klassiske renn ikkje var nokon stor sportsleg prestasjon, men at det var eit løp gjennomført på rein vilje.
Bjørnar Larsen gjekk då ut heilt til slutt. Han fekk dermed fordelen av å gå på tidene til konkurrentane. Ulempa var derimot at løypene var svært oppgått mot slutten.
Eirik Kurland Olsen vann 33 sekund føre Bjørnar Larsen. Bak sølvvinnaren følgde fleire konkurrentar hakk i hæl.
— Det gjekk som sagt ikkje på skinner, men eg jobba og sleit heile vegen. Her var det innsats, blod, sveitte og tårer som gav resultat. Ikkje noko anna, understrekar han.
Måtte på pallen
Bjørnar Larsen var nær ved å komme med i den første VM-troppen, men klarte det ikkje. Meisterskapen skulle gått tidleg i februar, men snømangel i Italia gjer at det no blir VM frå 12.-18. mars. Troppen blir offentleggjort i dag.
— Det første uttaket er kansellert, og vi i landslagsgruppa har fått beskjed om at det var resultata i helga, og svært lite anna, som ville legge grunnlaget for uttaket, seier Bjørnar Larsen. Han var i framkant krystallklar på at alt anna enn medalje på 10 km klassisk ville setje han ut av VM-diskusjonen nok ein gong.
— No let eg VM vere VM. Eg har lagt det bak meg, men eg vil frykteleg gjerne til Italia, innrømmer Vindafjord-løparen.
Medalje på feil dag
Landslagstenar Fredrik Aukland held VM-korta tett til brystet.
— VM-troppen blir klar måndag. Nokre av dei som var med i første uttak viste form, andre gjorde det ikkje. Eit par nye løparar meldte seg òg på i diskusjonen. Bjørnar Larsen var nær sist, og han er klart i diskusjonen no også. Dessverre for han kom medaljen på feil dag. Med sølv i fristil ville VM-plassen vore klar, seier Aukland.
Grunnen til det er at det ikkje er noko klassisk distanserenn under VM. Skal Bjørnar få gå i VM er det i første rekkje i duathlon, og kanskje også stafett.
— Det stemmer. Eg er nok ikkje kvalifisert på laget til fristildistansen. Då er det berre dei to andre øvingane igjen for meg, seier Bjørnar Larsen.
Bjørnar Larsen var beste junior på alt under senior NM. Hovudmeisterskapen gjekk ei veke før VM skulle gått, men det hjelper ikkje no.
— Eg hadde piggare bein då. I helga var eg ikkje like bra, seier Bjørnar Larsen.
Thomas Vestbø (20) var også med i junior-NM i helga. Han har vore sjuk, og han blei nummer 26 og 27 på dei to distansane.