Stor gebyrskilnad

Prisskilnaden er eit resultat av budsjettvedtaket eit samrøystes kommunestyre gjorde før jul. Det medførte 100 […]

Prisskilnaden er eit resultat av budsjettvedtaket eit samrøystes kommunestyre gjorde før jul. Det medførte 100 prosent gebyrauke for til dømes oppmåling av tomt, og 166 prosent auke dersom du søkjer dispensasjon. Også Frp og Terje Halleland stemte for gebyrauken saman med resten av kommunestyret.
— Eg synest dette høyrest litt underleg ut. Eg reagerte litt på at det var snakk om 100 prosent auke. Det var litt debatt og eg godtok at dette var ei nødvendig pristilpassing. Det vart ikkje opplyst at auken gir slike utslag, seier Halleland som meiner politikarane bør ta saka opp raskt.
Rådmann Helge Thorheim har ikkje sjekka gebyra med andre kommunar, men viser til at dei dekkar sjølvkost for tenestene.

Les meir i papiravisa.