Det stadfestar distriktsleiar Torkel Myklebust i Mattilsynet Haugalandet. Meldinga til politiet handlar både om at bonden har kastrert sjølv i strid med lovverket, og at inngrepet dessutan er i strid med dyrevernlova fordi grisene ikkje fekk bedøving, og i tillegg var alt for gamle då inngrepet vart utført.
Smertefullt
– Eg kan stadfeste at det dreier seg om smertefulle inngrep i strid med lovverket. Det er alvorleg, og vi har meldt saka til politiet, seier Myklebust.
Kjøtkontrollen oppdaga 20 mistenkelege griser på slaktelinja der dyra hadde sår frå kastrering som ikkje var grodde. Ved inspeksjon hos bonden fann dei ytterlegare 20 griser som tilsynet meiner er ulovleg kastrerte.
Sidan 2003 har det vore påbod om at veterinær skal kastrere grisene.
Var for gamle
– Det er ulovleg og smertefullt å kastrere utan bedøving. Inngrepet må dessutan skje før spedgrisane er fire veker gamle. Griser er slaktemogne etter fire-fem månader og kasteringa må ha skjedd nokre veker før dei vart leverte til slakteriet, seier Myklebust.
Det er første gongen Mattilsynet Haugalandet er borte i ei slik sak, i følgje Myklebust. Det kan vere langt verre for tilsynet å avsløre ulovlege inngrep dersom dei har skjedd på spedgriser.
– Men eg trur ikkje dette er noko problem. Eg har inntrykk av at produsentane rettar seg etter regelverket, seier distriktsleiar Torkel Myklebust.
Etterforske
Tilfellet vart meldt til politiet første veka i januar etter at det var oppdaga på slakteriet rett før nyttår. Politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmanndistrikt opplyser at dei er i gang med å etterforska saka.
Å levere ukastrerte dyr til slakt, kan føre til at grisene bli klassa ned og bonden taper i så fall ein god del pengar. Myklebust vil ikkje spekulere i om det er økonomiske motiv bak forholdet dei har meldt.