I kommunestyret er det elleve representantar som uansett vil seie nei til eigedomsskatt i Vindafjord. Både Frp, Høgre og Tverrpolitisk liste for Skjold/Vats markerer seg så sterkt prinsipielt mot eigedomsskatten at dei neppe vil snu.
Det må 17 representantar til for å skape eit fleirtal.
Både Sp, KrF og bygdelistene for Bjoa og Vikebygd vil truleg gå inn for eigedomsskatt dersom den kan sikre grendeskulane og utvikling i alle bygdene i kommunen. Denne fraksjonen har 15 representantar og manglar dermed to for å få fleirtal.
Saman med Ap gjekk dei inn for å utgreie spørsmålet om eigedomsskatt.
Ap på vippen
Alt tyder difor på at Ap blir jokeren som avgjer kampen om eigedomsskatten sidan partiet så langt ikkje er blitt samd med seg sjølv. Partiet har sju representantar i kommunestyret.
Men den andre faktoren som kan snu heile denne situasjonen, er så sterk motstand mot skatten ute blant folk at politikarane får kalde føter. I så fall kan det bli meir freistande å suge på labben med sparebudsjett, heller enn å frykte veljarane sin vreide ved kommunevalet neste haust.
Stiller vilkår
Reidar Håvås er langt frå aleine i Ap om å vere motstandar av eigedomsskatt. Partikollega Bjørn Harald Helgesen er i prinsippet imot og vil leite etter andre løysingar for kommuneøkonomien.
— Saka er ikkje diskutert i partiet enno. Om vi blir samla eller splitta kan eg ikkje seie noko om no, seier Bjørn Helgesen.
Rune Hetland i Vikebygd bygdeliste meiner langt på veg at bordet fangar med ein dårleg kommuneøkonomi.
— Føresetnaden må i så fall vere at inntektene går til utvikling av bygdene og ikkje for mykje i drift. Då vil også eigedommane auke i verdi og ein kan forsvare skatten ut frå det. Gatelys og anlegg for fritidsaktivitetar er slike døme, seier Hetland.