— Dette var kjekt. Det er gildt å bli sett pris på, og for oss er det heilt naturleg å bruke nynorsk. Det er jo det vi er opplærte til å bruke, seier talsmann for Ølen Trevare, Kenneth Hundhammar.
Ølen Trevare blir drive av Leif Steinsland, Kjartan Steinsland og Kenneth Hundhammar. I 2005, året bedrifta kunne markere sitt 20 års jubileum, flytta dei trappeproduksjonen sin til Vikebygd frå Ølensvåg.
Næringslivet
Ølen Mållag sin målpris kan gis til einskildpersonar, næringsliv, lag og organisasjonar, som syner vilje og emne til å bruke nynorsk i det offentlege rommet. I år valde laget å gi prisen til næringslivet, fortel leiar i Ølen Mållag, Anne Margrethe Eidhammer.
— Vi hadde fleire kandidatar, men valet fall på Ølen Trevare. Dei er flinke til å bruke språket vårt i mellom anna brosjyrar og annonsar i avisene. Mållaget er opptekne av at næringslivet bruker språket vårt her på bygdene, og Ølen Trevare er såleis ein verdig kandidat, seier ho.
Glad for å få målprisen
— Dette var kjekt. Det er gildt å bli sett pris på, og for oss […]