Det er verken høy eller brækande sauer i fjøset lenger. Men så er det berre litt av dei gamle grunnmurane som er igjen av den gamle låven på Hamre i Ølen. Litt tilbaketrekt i bratthenget i fjellsida. Med utsikt over Ølenfjorden og Ølensjøen. Utvilsamt eit panorama.
Meir enn bu
I dag har Berit og John Karsten Tangjerd 30 sengeplassar, spisesal og storkjøkken. I alt 750 kvadratmeter til disposisjon.
Men eigentleg starta det med at dei ville omdisponere det gamle huset på småbruket til fritidshus. Med det godtok ikkje landbruksstyremaktene. Difor tok ekteparet like godt å flytte frå Karmøy og heim til slektsgarden der Berit vaks opp.
Dermed starta dei først med å restaurere og byggje på det gamle huset som vart bygd i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. deretter stod løa for tur.
— Vi hadde ikkje peiling på kva det skulle utvikle seg til då vi flytte hit for fem år sidan. Det er eit lite og brattlendt småbruk, men vi ville gjere noko meir ut av det enn berre å bu her, fortel John Karsten.
Imponerande liste
I tillegg til turisme, er det selskap og arrangement for private og bedrifter dei rettar seg inn mot. To litauarar arbeider med flislegging i den siste innspurten før storkjøkkenet er ferdig.
Dei tok inn dei første gjestene i mai, og det har vore fullt hus sidan. 350 i talet, dei fleste frå Nederland og Tyskland, men også norske.
Kalenderen for resten av året er imponerande med nokon ganske få ledige periodar. Her er det ikkje snakk om sommarturisme.
— Vi leiger anten ut til overnatting eller til selskap, eller begge delar til den same gruppa. Her leiger dei alle romma vi har, seier Berit.
Luksus må til
Det er blitt svært populært å reise på ferie til Noreg i store grupper, gjerne fleire familiar saman. Og pensjonistane kan reise heile året, forklarar dei.
— Det er eit minihotell. Det er ein spesiell plass å vere på i norsk natur med fjord og fjell. Men eg trur det betyr ganske mykje at vi kan tilby noko spesielt, og litt luksus ikkje minst. Symjebasseng, bad og dusj på kvart rom, alt drar opp. Dessutan at vi kan tilby full servering dersom dei ønskjer det, seier John Karsten.
Fliser manglar det ikkje på; 1.300 kvadratmeter vart kjøpt inn, og 800 er brukt så langt.
Olje og turisme
Begge arbeider for Statoil i Nordsjøen. John Karsten er kokk på Gullfaks B, medan Berit er forpleiingsassistent på Gullfaks A. Det er fag og erfaringar dei drar med seg over i satsinga på heimebane i Ølen. Og så arbeider dei i same turnus, fire veker på og fire veker av.
— Nei, vi har ingen planar om å slutte i Nordsjøen. Dette var noko vi gjekk i gang med for å bruke fritida vi har heime. Slik vil vi innrette oss også i framtida, svarer Berit på spørsmål om dei eigentleg er i ferd med å skaffe seg eit levebrød på bruket.
— Planlegging og hjelp av familien er viktig for å få det til å gå opp. Vi har også hatt mykje hjelp i byggjefasen, seier John Karsten.
På det meste hadde dei 12-14 litauarar i sving for å reise den nye bygningen.
Lafta tømmer
Innvendig er store tømmerstokkar synlege i nesten alle rom. «Løa» er laga av lafta tømmer frå Litauen og av litauiske handverkarar for det meste. Tangjerd reiste til Litauen for å kjøpe seg eit ferdig hus, og at det vart bygd på plassen i Ølen har si spesielle historie.
— Tre motorsagar var i sving heile dagen i nesten eitt år. På slutten angra eg ikkje så lite på det vi var i gang med. Det var aldri fred. No når vi er ferdige, er det veldig kjekt, seier Berit.
Garden er blitt eit fullblods nisjebruk med turisme og juletre. Seks tusen juletre i jorda var det første dei gjorde. Planen er å plante totalt 40.000.
— Vi har mange idear om korleis vi kan utvikle plassen vidare. Det får vi ta etter kvart.
Vesle julaftan kjem 22 hollendarar for å feire julehelg. Neste laurdag ventar dei ei gruppe på 17 personar, og laurdagen etter er det 20 nye som skal nyte tilveret i bratte bakkar på Hamre.