4 divisjon, avd 2
Etne- Skudenes 3-0 (2-0)
1-0 Eivind Aastvedt (3 min)
2-0 Kjetil Bjørgen (5 min)
3-0 Ove Straumsøy (82 min)
Gulekort: Kjetil Bjørgen (Etne), Jarle Instadnes(Skudenes), Jørgen Øyjord (Etne) Rødtkort: Glenn Ivar Hemnes (Skudenes) Dommar: Tony Liestøl
Tilskoderar: om lag 45
— Det er grådig kjekt viss me vinn, sa Kjetil Bjørgen like før full tid. Me leiar to null av den enkle grunn at me har spelt best i ein kamp der duellane har vore viktige og me har fått til mange gode angrep, heldt han fram.
— Alt i alt har sesongen vore som forventa, me har vunne litt og tapt litt. Me har mange unge spelerar og Etne er ein utruleg fin klubb å spele for, her er mykje humor og god moral. Og så har me ein fantastisk gode trenar, seier Bjørgen.
To mål på få minutt
Etne starta sterkt med eit flott mål av Eivind Aastvedt etter berre tre minuttar og før det andre laget har fått summa seg set Kjetil Bjørgen inn mål nummer to. Dette tek nok litt av motet frå Skudenes, for resten av omgangen får dei knapt til eit skikkelig angrep.
Gjennom heile første omgang hølja regnet ned og dette førte med seg ein del stygge duellar. Det er vanskelig og sjå kor ein kjem til å treffe i taklingar sidan graset er så sleipt, og dette skapar hissige situasjonar der spelerane ikkje er enige med dommaren.
Det meste av omgangen foregår på midtbanen og framfor målet til Skudenes, men sjølv om Etne er klart best får dei ikkje fleire mål før pause.
Stang inn
I andre omgang går gjestene på med ny giv og dei klarer å presse heimelaget litt lengre opp på banen, men nettfinning får dei ikkje. Dei har eit par skot på mål, men Thomas Rullestad står støtt som fjell og tar alle ballar som kjem hans veg.
På høgre sida har heimelaget Torgeir Tungesvik bak i forsvar, og det er ikkje få gonger han snappar ballen og får han fram til Jørgen Øyjord som saman med Kjetil Bjørgen og Ove Strømmsøy skapar mange flotte angrep og mål sjansar for laget.
Den ampre stemninga frå førsteomgang tek seg opp att då ein Etnespelar vert felt innanfor 16 meteren og linjedommaren vinkar med flagget. Men dommaren avgjer at det ikkje er straffe og lar det gå. Sinnet er i kok hjå heimelaget og publikum, men dei kan lite gjere. Den hissige tonen held fram og etter ein diskusjon kring ei felling framfor Etne sitt mål endar med raudt kort til ein av gjestene.
Då det berre står åtte minutt att på klokka stiller Ove Straumsøy seg opp for å ta eit hjørnespark. Han skyt, ballen går i borterste stolpe og så inn rett ved sida av ei overrumpla målvakt. Heimepublikum jubler og karane i grønt kan stolt sole seg i glansen av siger i det som er den siste heimekampen i sesongen.