Leirduebane opna etter duell

Etne Jeger og Fiskerforeining har saman med Ølen Jakt og Fiskelag lagt ned 2500 dugnadstimar […]

Etne Jeger og Fiskerforeining har saman med Ølen Jakt og Fiskelag lagt ned 2500 dugnadstimar for å byggja opp leirduebanen på Fikse. Etter først å ha bomma litt på vinkelen banen skulle byggjast i, har dei stått på og hatt pågangsmot til å byggja banen på rett plass. Laurdag kunne leirduebanen endeleg opnast, og dei frammøtte var særs nøgde med det dei fekk sjå.
—– Det er veldig flott å sjå kva dei har fått til her. Med så mange dugnadstimar og den viljen dei har hatt gjennom prosjektet, er eg veldig imponert, seier ordførar i Etne kommune, Amund Enge. Han var invitert saman med ordførar i Vindafjord kommune, Arne Bergsvåg, til opninga der dei skulle skyta om kven som fekk vera den offisielle opnaren av banen. Etter å ha skote ned fem ballongar, var det likt mellom ordførarane, men Bergsvåg var sekundet raskare til å skyte ned den siste og avgjerande leirdua. Ordføraren i Vindafjord vann dermed duellen om å få vere den offisielle opnaren av Fikse leirduebane. Men Amund Enge, som har god skytetrening frå før av og likar sporten, fekk visa kva han var god for i den neste duellen. Der vart ordførarane delte inn i lag med ein mann frå jakt- og fiskelaga i sine respektive kommunar. Enge sitt lag viste her gode ferdigheiter med å skyta ned ti av femten leirduer, mot Bergsvåg sitt lag som trefte fire.
Ope for alle
Leirduebanen, som held internasjonal standard, kan brukast til å arrangere stemne, og det er noko styreleiar i leirduebanen, Sigbjørn Rafdal, tek sikte på å gjennomføra.
— Me skal arrangera klubbstemne her seinare, og me har ambisjonar om å få til endå meir. Men i fyrste omgang skal banen bli brukt til trening, så får me ta ting på sikt, seier Rafdal. Han var godt nøgd med opninga av banen, og syntest ordførarane gjorde ein god innsats på banen.
— Det var kjekt at ordførarane ville koma, men dei bør kanskje komma igjen å trena, seier han med eit smil. Nokre av medlemmene frå dei to jakt- og fiskelaga driv også litt konkurranseskyting. Ei skyteoppvising med Rune Håheim, Geir Grindheim og Eivind Selland på banen viste gode ferdigheiter, der Selland skaut ned tretten av femten leirduer. Selland har også klubbrekorden med seksti skot utan bom. Etter skyteoppvising frå medlemmer og ordførarar, fekk dei frammøtte prøva ti skot på banen.
— Håpar det er fleire som får lyst å bli med på trening etter skytinga i dag. Me har trening kvar tysdag, og har kapasitet til det dobbelte her. Det er jenter og gutar i alle aldrar med på trening, så kven som helst kan bli med så lenge dei er over tolv år, seier Sigbjørn Rafdal.
— Banen er mest nytta av folk som driv med jakt, men det er også folk som er med for å ha det moro, og ikkje kun jakttrening. I august er det også trening to gonger i veka, då er oppkjøringa til jaktsesongen i gang for fullt.