Tøff køyring på vanskeleg bane

Kennet Kaldheim kom til banen saman med Ole Rasmus Solheim, Leif Egil Olsen, Iselin B. […]

Kennet Kaldheim kom til banen saman med Ole Rasmus Solheim, Leif Egil Olsen, Iselin B. Søndenå og Marius H. Rønnevik, som alle er elevar ved 10. klasse ved Vikedal skule. Sidan i haust har dei hatt bilcross som praktisk prosjektarbeid, bygd tre bilcossbilar, og tatt lisensen for bilcross junior. Likevel var det berre Marius H. Rønnevik som køyrde ein av desse bilane, dei andre fire stiller alt med sine eigne bilar. Før stemnet starta var det Ole Rasmus Solheim dei fire andre hadde størst tru på skulle gjere det godt, og han måtte innrømma at han hadde trent ein del.
— Eg blir nervøs når dei seier det, var hans kommentar til den trua dei andre hadde på han.
Det var tydeleg at nervøsiteten forsvann då dei kom ut på banen, for både Kennet Kaldheim og Ole Rasmus Solheim starta med kvar sin andre plass i sine heat, medan Leif Egil Olsen blei nummer tre. Etter at dei innleiande omgangane var over, var det klart at dei alle tre hadde kvalifisert seg for B-finale, saman med Inger Lise Eikeland frå Øvre Vats og Jarle Amundsen frå Skjold.
Kennet Kaldheim var ikkje verre enn at han slo alle i B-finalen, og kunne dermed stille blant dei beste i A-finalen. Her starta det dramatisk, og Kennet Kaldheim hamna i ein skikkeleg smell saman med to andre, bilane vart ståande og finalen flagga av.
— Eg var mest redd for bilen då eg såg at det gjekk gale, var Kennet Kaldheim sitt svar på om han blei redd då han såg at det gjekk gale.
Men bilen var ikkje verre skada enn at han kunne stille til start igjen ved andre forsøk. Her gjekk det ryddigare og han kunne køyre inn til ein trygg tredje plass bak Jan Magne Dybvik og Annette Aarre. Sjølv om det gjekk fint til slutt, peika ein kjempefornøgd Kennet Kaldheim på at det slett ikkje var lett å få den store Volvoen rundt den sleipe banen.
— Det var sørpete og glatt, og i tillegg sleit eg med understyring slik at bilen sklei ut i svingane.

Siger til veteranen
I bilcrossklassen, som hadde over 40 førarar på startlista, var det til slutt Per Gaute Østbø som kunne innkassere sigeren. Veteranen, som har køyrt bilcross sidan tidleg på 1980-talet, har ofte vore med og kjempa med dei beste, men det er ikkje altfor ofte at han har gått heilt til topps.
— Det er kjekt når alt klaffar slik som i deg, seier han.
Ein gul Skoda har blitt hans varemerke dei siste sesongane, men Skoda er det snart berre utanpå.
— Bilen er ein blanding av Skoda, Folkevogn og Volvo i tillegg til at skvettlappane er frå ein Ford, seier Per Gaute og smiler, og er svært nøgd med at alle dei ulike delane fungerte perfekt søndag.
— Det var som å køyre i ein potetåker der ute, og då regnet kom høyrde eg nokre feilslag i dei verste pyttane, men det heldt.
På pallen fekk Per Gaute også med seg ein annan ølensbu, og sjølv om Kenneth Johansen driv med bilcross rett og slett for at det er moro, blir det ekstra løye når det endar med ei pallplassering.
— Klart det, men i utgangspunktet synest eg dette er moro uansett, og dagen i dag er ikkje noko unntak.
I finalen gjekk det litt på stumpane for Kenneth, der han ratta sin nybygde Ford Escort.
— Ja, støytdemparane bak knakk i tredje omgang, og det blei litt hopp og sprett i finalen.
Løpet på søndag var også første runde i NMK Vikedal Cup 2006, for juniorane går andre runde 22. april, medan seniorane må vente til 10. – 11. juni før dei kjem vidare i cupen.