Med flagg og saks

Denne nye biten gang- og sykkelveg, vernar endå fleire mjuke trafikantar mot tung og tett […]

Denne nye biten gang- og sykkelveg, vernar endå fleire mjuke trafikantar mot tung og tett trafikk langs E134. Framleis er det lange og farlege strekningar att i bygda, men dei siste par månadane har det vore fleire lyspunkt for dei som kjempar for trafikktryggleiken i Skjold.
Bortimot femti store og små skjoldabuar hadde møtt fram til den offisielle opninga, som vart organisert som eit slag vorspiel til nutafesten inne på Ersland Bedehus.