— Ikkje ta barnehagen vår

Rådmann i Etne, Elling Hetland, foreslår å legga ned Rygg barnehage frå hausten 2006, og […]

Rådmann i Etne, Elling Hetland, foreslår å legga ned Rygg barnehage frå hausten 2006, og Rygg skule frå hausten 2008. Forslaget vekker harme blant foreldra.
— Tar dei skulen og barnehagen, har me lite igjen i krinsen, seier ei opprørt Laila Flatebø. Ho er firebarnsmor, og to av barna går i Rygg barnehage.
Per 20. oktober i år var 13 barn fødde i krinsen Rygg. Dei tre siste åra har talet på barnefødslar stige, og årets resultat er det beste sidan 2000.
—Tretten barn er bra, seier mødrene Kjersti Grindheim, Liv Lødøen, Birgitte Håland og Laila Flatebø. Dei skjønar ikkje at rådmannen kan foreslå å legga ned barnehagen.
Kjent miljø
— Det å ha småskule og barnehage er ideelt. Dersom dei tar barnehagen, mister me også skulen. Dette heng saman, seier Flatebø.
— Det vil vera forferdeleg dumt. Skulen og barnehagen er samlingspunktet i bygda. Her er det trygt og godt for ungane. Det er eit kjent miljø, og når dei går i barnehagen her er det ikkje så stor overgang til skulen, seier Liv Lødøen. Dottera hennar, Sigrid Kaldheim (5), skal byrja på skulen til hausten.
Det skal også Andreas Hansen (5), og han er allereie godt kjent i miljøet.
— Det er kjekt at skuleelevane er med barnehagen og eg synest det er gøy på førskuleklubb ein gong i veka, seier Andreas, som fylte fem år torsdag. Forslaget om nedlegging av barnehagen hans var ingen god bursdagspresang verken for han eller mamma Siren Grindheim.
— Det vil vera veldig synd. Det som er så kjekt her oppe i forhold til Enge er at dei har eit miljø med skulen og samkjører opplegget litt. Uteområdet er også mykje meir fantastisk her enn på Enge, seier Grindheim, som også har ei dotter på tre månader.
— Det er så positivt at ungane får ein mjuk overgang til skulen her, seier Anita Jordal, mor til Nina (5) og Vilde (2 ). Nina går i barnehagen og Vilde er blitt lova at ho skal få byrja frå hausten av. Nå er det ikkje sikkert at ho får det.
Fire søknader
Talet på barn i Rygg barnehage har gått nedover dei siste åra og er barnehagen med størst nedgang i kommunen. Årets 1. klassekull var stort og dermed forsvann mange frå barnehagen til skulen. I haust blei det også kutta ein 50 prosent stilling i barnehagen. Flatebø meiner at nedgangen ved barnehagen skuldast at fleire har søkt ved Rygg tidlegare år, men ikkje fått plass. Dermed har dei forsvunne til Enge og Småfolk barnehage. Nå jobbar Flatebø febrilskt med å henta desse tilbake og oppfordrar folk til å søka inn barna sine ved Rygg for neste haust nå. Etter at budsjettforslaget blei kjent torsdag, melde allereie same dag fire nye seg med søknad om barnehageplass ved Rygg til neste år.
— Politikarane får venta og sjå kor mange barn det blir. Eg trur dei har bruk for dei tre barnehagane. Eg trur ikkje det blir full barnehagedekning i kommunen viss dei legg ned Rygg og eg trudde ikkje dei ville gå tilbake på det, seier Flatebø.

Usikkert innan pleie og omsorg
Kraftige kutt må til når Etne skal spara ein million kroner innan pleie og omsorg neste år. Kva som blir råka, er førebels uklart.

Ein million skal sparast innan pleie og omsorg i 2006 og utgjer dermed ein tredjedel av nedskjeringane i Etne kommune neste år. I 2007 og 2008 skal to millionar sparast årleg innan pleie og omsorg.
Nedlegging av Skånevik omsorgssenter og nedlegging av ei avdeling ved Etne omsorgssenter, er tema som er blitt tekne opp på budsjettkonferansane, utan at rådmannen har fremja konkrete forslag om dette.
Sju arbeidsgrupper er sett saman for å vurdera kva tiltak som kan gi innsparingar i omorganiseringsprosessen. Rådmann Elling Hetland avventar difor desse forslaga.
– Arbeidsgruppene ser på område som nattevakt, organisering av turnus, leiarstruktur- skal ein ha ein, eller to leiarar som i dag, kompetanseutvikling, IA-avtalen og kjøkkendrift – skal ein ha eigne kjøkken eller kjøpa inn frå andre stader? Gruppene vurderer korleis ein kan utnytta og organisera institusjonsplassane i Skånevik og Etne, og om dei skal ha nokre spesialområde som skal gjelda for heile kommunen, seier Hetland.
Han meiner at eit vedtak innan pleie- og omsorg ikkje vil skje før etter nyttår på grunn av omorganiseringsprosessen som ikkje er avslutta.

— Viktig med ungdomssteg
Ungdomssteget betyr så mykje for Skånevik-samfunnet at rådmannen vil behalda ungdomsskulen.
— Me er veldig glade for det og trur den vurderinga rådmannen gjer er rett, seier Kjell Ingvald Matre, rektor ved Skånevik skule.
Dersom ungdomssteget i Skånevik hadde blitt lagd ned, måtte elevane reisa til Enge skule.
— Reint fagleg og pedagogisk ville det ikkje vera dramatisk for elevane, men for samfunnet i Skånevik betyr det mykje, seier Matre.
Rådmannen peikar på at ei nedlegging av ungdomssteget i Skånevik vil øydeleggja mykje av det samarbeidet ungdomsskulen har klart å byggja opp med næringslivet i bygda.
— Eg har vald å prioritera å ikkje legga ned ungdomssteget i Skånevik fordi eg trur det er viktig for Skånevik-samfunnet å ha ungdomsskulen, seier rådmann Elling Hetland.
Trass i positive signal frå rådmannen, torer ikkje Skånevik-rektoren å pusta heilt ut endå.
— Me slappar ikkje av før det er gjort endeleg vedtak, seier Matre.
Han er svært lei seg for forslaget om å redusera talet på rammetimar til tilpassa opplæring og delingstimar.
— Talet på rammetimar blei redusert i fjor og nå misser me igjen. Då blir det vanskelegare å gjennomføra tilpassa opplæring. Dette går utover kvaliteten, seier Matre.

— Udelt betre enn nedlegging
Udelt skule eller nedlegging. Det er lagnaden til Fjæra skule.
— Det er heilt klart ei utfordring å driva undervisning på sju steg i same klasserom, både metodisk og pedagogisk. Men dersom ein set det opp mot å skyssa elevane til Enge, er dette trass i alt betre, seier Frode Ingvaldstad, rektor ved Fjæra skule. Han jobbar også som pedagogisk konsulent i kommunen.
Rådmannen foreslår ein u-delt Fjæra skule og å legga den administrativt inn under Skånevik eller Rygg skule frå hausten 2006. Alternativet er å legga ned Fjæra skule. I fjor foreslo rådmannen nedlegging. Då blei det vedtatt at skulen skulle vernast ut skuleåret 2006/2007, men at drifta skulle vurderast på nytt ved neste budsjettrunde.
Fjæra skule har i dag 11 elevar. Til neste år vil elevtalet bli 13 elevar. Tidlegare fanst det eit vedtak i opplæringslova som sa at ved fleire enn 12 elevar måtte skulen todelast, men dette ved-taket er oppheva.

— Eit resultat av foreldra sine val
Varaordførar Siri Klokkerstuen (Ap) meiner det er «forferdeleg sørgjeleg» at nedleggingar av skular må takast opp til vurdering nok ein gong.
— Me er ramma av nedgang i elevtalet og i folketalet over heile kommunen. Det er sørgjeleg at det er i skule det er såpass mykje pengar å henta at me kan få budsjettet i balanse, seier Klokkerstuen.
Ho meiner også at foreldra sine val av barnehage og skule påverkar situasjonen ein nå er komen opp i.
— Tidlegare har me skåna Rygg fordi kombinasjonen med skule og barnehage har vore god. Tilbodet har blitt veldig svekka når folk søker barna sine til Enge og Småfolk. Dette er eit resultat av foreldra sine val, i tillegg til nedgang i folketalet og for lite pengar i kommunen, seier Klokkerstuen.
— Me må sjå på heilskapen for kommunen og prøva å finna den nest verste løysinga, seier ho.
Dramatisk
Varaordføraren reagerer på forslaget om å kutta talet på rammetimar i skulen til tilpassa opplæring og delingstimar.
— Det er dramatisk viss me skal skjera ned på rammetimetalet. Det rammar dei store skulane mest, seier Klokkerstuen.
Ordførar Amund Enge (H) meiner det verkar dramatisk å legga ned Rygg skule, men tenker ikkje det same om barnehagen.
— Slik tendensen er ved barnehagen nå, ser eg ikkje på det som så veldig dramatisk. Den vil før eller seinare leggja seg ned sjølv. Men dersom trenden snur og det blir langt fleire søkarar, må me ta omsyn til det, seier ordføraren.
Ikkje lese budsjettet
Då Grannar snakka med gruppeleiarane i KrF, Sp og Frp fredag kveld for å få reaksjonar på budsjettforslaget til rådmannen, hadde ingen av dei fått tid til å studera budsjettet og kunne difor ikkje sei så mykje.
— Det er valet mellom pest eller kolera; pleie og omsorg eller skule og barnehage, seier Audun Namtvedt, gruppeleiar i Frp.
Ingvor Gundegjerde, gruppeleiar i Sp, hadde lese om budsjettet i Haugesunds Avis, og kommenterte forslaget slik:
— Eg hadde håpa at når me får meir pengar frå den nye regjeringa, kunne me sleppt å gjera slike drastiske nedskjeringar. Me må prøva å vera kreative og finna dei beste løysingane både for skule, pleie og omsorg og bygda. Men det blir vanskeleg. Eg vil i utgangspunktet ikkje vera med og legga ned skular, seier ho.
Då Grannar kontakta Arnold Solheim, gruppeleiar i KrF, på nytt søndag hadde han denne kommentaren.
— Eg applauderer ikkje akkurat nedleggingsforslaga frå rådmannen, men veit ikkje kva alternativ me har. Eg trudde skulen hadde tatt sin del av innsparingar for ei stund, seier Solheim, som meiner forslaget om å redusera rammetimetalet er det mest alvorlege.