Smaka fram vinnaren

— Mmmm, dette var godt, spanande krydder og fin sødme! Blæhh, det både ser ut […]

— Mmmm, dette var godt, spanande krydder og fin sødme! Blæhh, det både ser ut som og smakar oppvaskvatn! Det var mange synspunkt som kom fram gjennom smakinga.
I juryen sat kokkane Finn Ove Solberg, Laila Marie Haugen, pølsemakar Andreas Hustveit, redaktør i Haugesunds avis, Tonny Nundal og «kokekona» Astrid Drange. Smaksløkane fekk mykje å arbeide med, og noko av det vanskelegaste for juryen var å skilje suppene frå kvarandre. Vatn til å skylje munnen med mellom suppene, var difor obligatorisk.
— De slepp å lage middag i dag tenkjer eg, kommenterte Unni Marie Lien, suppeansvarleg i Kjøttfestivalen.
— Eg trur ikkje eg treng å lage middag i morgon heller, sa ei svært forsynt Astrid Drange.

Nøye vurdert
Suppene fekk poengsummar i fire forskjellige klassar; Smak, kreativitet, utsjånad og økonomi. Smaken talde mest for det endelege resultatet med 70 prosent, kreativiteten talde 15 prosent, utsjånad 10 prosent og økonomien 5 prosent.
I alt er det kome inn 23 oppskrifter til konkurransen, medan elevane på kokkelinja laga 14 av dei.
— Grunnen til at me ikkje laga suppe av alle oppskriftene, er at fleire av bidraga var heilt like. I desse tilfella har me brukt loddtrekning, for å velje ut ein deltakar, seier lærar Finn Ove Solberg.

Svært variert innhald
Av kjøtet som var representert i suppene, var det alt frå kje og angus til hjort og kjøttdeig. Nokre supper hadde «klimper», også kalla mjølbollar, medan andre hadde berre grønsaker og kjøt. I ei suppe var det til og med raspa ost!
— Me har fått oppskrifter frå inst i Åkrafjorden til Skjold, Sveio og Sauda, seier Unni Marie Lien, som fekk ideen om å kåre Vestlandets beste kjøttsuppe. Ho har sjølv stått for innsamlinga av oppskriftene.
— Det vart uhyre jamt mellom dei to beste suppene, til slutt var det berre eit halvt poeng som skilte nummer ein frå nummer to. Kva suppe som til slutt kom sigrande ut av den spanande kåringa, må me vente til laurdag 21. mai med å finne ut. Då vert vinnaren offentleggjort og suppa selt i porsjonar til publikum