Drar i gang kulturdugnad

Det starta med maratonkonsert i Skånevik med bluesklubben som ein av pådrivarane. Deretter gjekk stafettpinnen […]

Det starta med maratonkonsert i Skånevik med bluesklubben som ein av pådrivarane. Deretter gjekk stafettpinnen over til Etne Røde Kors. Dei har bestemt seg for å arrangere kulturdugnad i Etne kulturhus den 11. februar. For publikum blir det ein konsert med ei rekkje forskjellige kulturinnslag av lokale krefter.
Lokale krefter
— Det er eit flott initiativ dei starta opp i Skånevik, og vi er glade for å føre stafetten vidare. Det blir musikk og kulturelle innslag i ein til to timar, alt etter kva vi får sett saman i programmet. Det skal passe både unge og gamle, fortel Lars Olav Bergsvåg, leiar i Etne Røde Kors.
Han opplyser at dei satsar på lokale krefter i musikk og kultur. Programmet er ikkje heilt avklara enno, men både Etne barnekor og Etne musikklag har sagt ja til å delta. Også Ungdomslaget Fram skal bidra med litt forskjellige krefter og uttrykk.
— Er det nokon vi ikkje har kontakta, men som har noko dei vil delta med, så er det berre å gi eit vink, seier Bergsvåg.
Trø til
Det er over fire veker sidan monsterbølgjene slo inn over Søraust-Asia. For to dagar sidan melde det Indonesiske helsedepartementet om at 228.429 menneske hadde mist livet eller er sakna etter flodbølgjekatastrofen. Dermed er over 280.000 er sakna eller døde i landa rundt det Indiske hav, og millionar har mista alt dei hadde.
— Temaet har kome meir i bakgrunnen i tv og radio, og den aktive innsamlinga er avslutta i denne omgang for å ikkje trøytte ut folk. Det er difor litt spennande om folk synest det er nok, eller om dei vil stille opp på konserten i samfunnshuset. Men reaksjonane er positive, så eg håpar mange nyttar høvet til å hjelpe på denne måten der ein også får ei kulturell oppleving.
Konkrete prosjekt
— Eg såg nettopp på nettsidene at eit barn var født på feltsjukehuset i Banda Aceh i Indonesia. Det viser at det nyttar å hjelpe. Målet vårt med denne innsamlinga er å knyte hjelpa til konkrete prosjekt slik at folk kan sjå kva pengane går til. Skal ein samle inn meir lokalt, er det viktig at ein ser kor pengane går, og ikkje berre inn i det store sluket, seier Lars Olav Bergsvåg.
Frå konserten og utloddinga i Skånevik står det nesten 68.000 kroner på konto. Saman med inntektene frå kulturdugnaden i Etne, skal desse pengane inn i eit spesielt hjelpeprosjekt.
Frå før har Etne Røde Kors samla inn 215.374 kroner som er overførte til moderorganisasjonen.
— Målet er at stafetten skal halde fram ut året. Vi skal sende pinnen vidare når arrangementet vårt er ferdig. Men vi har enno ikkje bestemt kven vi skal utfordre.