«Norgeshistoriens største ran?»

Resultatet av pensjonskommisjonen sitt arbeid vert iflg. Pensjonistforbundet at det i framtida truleg må vurderast […]

Resultatet av pensjonskommisjonen sitt arbeid vert iflg. Pensjonistforbundet at det i framtida truleg må vurderast private tilleggspensjonar til folketrygda. I særleg grad vert det ille for kvinner etter framlegget frå kommisjonen. Men som vanleg har i alle høve stortingsrepresentantane blitt sikra ei rimeleg god pensjonsordning.

Folketrygda
Då folketrygda vart innført i landet i 1967, gjekk debatten i stortinget mest på kor i all verda ein skulle gjera av alle pengane som ville strøyma inn på trygdefondet med den finansieringa som vart lagt til grunn. Men Stortinget vart snart kvitt slike suter. Stormløpet på trygdefondet med utbetalingar til ulike stønadsordningar som ikkje hadde si bakgrunn i ei finansiering, gjorde store innhogg i fondet. Politikarane kunne ikkje stå i mot slike – men rekna med at slike utbetalingar skulle dekkjast over statsbudsjettet. Men dette svikta naturleg nok på grunn av mangel på midlar. Dette har nok tidlegare statsminister Kåre Willoch sett faren i. Han har nemleg ein gong sagt at hans parti var skeptisk til denne fondsoppbygginga. Og grunngjevinga hans var at det ville bli for freistande for «lettsindige politikarar» å bruka midlane til andre formål enn pensjonsutbetalingar. Og heller ikkje i framlegget frå pensjonskommisjonen er det teke inn ei slik gardering. Berre sjukelønsordninga har medført – iflg. Norsk Pensjonsforbund – at meir enn tre hundre milliardar kroner er førte ut av Folketrygdfondet. Føresetnaden var sjølvsagt at desse utbetalingane skulle tilbakeførast. Dette er berre eitt av døma. Då folketrygda vart innført var det føresetnaden at pensjonane skulle regulerast i samsvar med lønsutviklinga og ikkje med prisutviklinga som staten har praktisert ved forhandlingane. På denne måten har det skjedd ei underregulering av pensjonane gjennom mange år, noko som har ført til at pensjonistane er lurte for tusenar av kroner. Berre dei to siste åra har dette vore retta opp.

Tradisjon i å svikta
Staten har ein viss tradisjon i denne forma for «røveri». Ein kan nemna Nortraship-fondet – krigsseglarane sine pengar som staten ville leggja beslag på. Ein kan nemna den stadige tendensen til å vilja «røva» pensjonistane for lovfeste godar – som særfrådrag ved likninga av alderstrygda og uføretrygda – gravferdstilskot vart teke bort – lønsslippen ved utbetalingar av pensjonen var i ferd med å forsvinna – underreguleringa av pensjonane for å nemna nokre. Ein kan i denne samanhengen også nemna bilavgiftene – i dag 45 milliardar kroner. Berre 12 av desse kjem vegformål til gode. Likevel må ein oppretta den upopulære bompengeordninga.
Brosjyra som er nemnt til innleiing er dekorert med ein karikaturteikning av Inge Grødem. Kjente politikarfjes som er i ferd med den gamle narreleiken med ein velfylt pengepung liggjande på vegen med snor i til å hala inn med om nokon skulle tru at det store funnet var gjort. I bakgrunnen ei gamal krokute kvinne på veg mot den store openberringa. Fabelaktig råkande teikning.

Endre Heggen