At arbeidsgjevaravgifta gjekk opp frå 10,6 til 14,1 prosent ved årsskiftet fordi EU ikkje lenger godtar differensiert arbeidsgjevaravgift, får mykje å seie for 14 bedrifter i Vindafjord og Ølen. Kommunane får kompensasjon for meirutgiftene som rammar dei største bedriftene. Vindafjord og Ølen har fått til saman sju millionar kroner.
Dei to kommunane fann det naturleg å samarbeide når det gjeld kva dei tilbakebetalte midlane skal brukast til, og har danna Vindafjord Arbeidsgiverforum AS. Eit utval medlemmer frå kommunane og det private næringslivet har i sommar vore i arbeid. Dei har kome fram til at det vil vere mest føremålstenleg å etablere eit eige aksjeselskap som er eigd av dei aktuelle bedriftene, når det gjeld korleis dei sju millionane skal disponerast. Gruppa har også utarbeidd retningsliner for drifta av selskapet.
Sju millionar til næringslivet
Det er dei bedriftene som har ein trekkpliktig lønsdel på over 7,7 millionar kroner per år, som ligg til grunn for utbetalingane frå departementet.
På stiftingsmøtet i Vågen Bygdasenter 13. september vart Øystein Matre, West Contractors AS i Ølensvåg, vald til leiar for det nye forumet, som er eit privat selskap.
Med seg i styret har han; Gro Anita Klungtveit, Hatteland, Jone Tveit, Tveit Rekneskap, Sigmund Lunde, Omega, Atle Berge, Ølen Betong, pluss at kommunen skal ha ein observatør i styret.
For heile Rogaland utgjer den tilbakebetalte summen frå departementet 16,7 millionar.
— Sju millionar synest difor å vere mykje, men dette er også store utgifter som bedriftene blir påførte, så dette gir på ingen måte full kompensasjon. Kriteriet som ligg til grunn, er at pengane skal tilbakeførast til det lokale næringslivet. Det har vore bestemt frå første dag, og eg vil gi ros til lokale politikarar for at pengane ikkje har forsvunne i byråkratiet, men at næringslivet får forvalte dei i høve til retningslinene som vart gitt av departementet, seier Matre.
Det er gitt signal frå departementet om at ordninga førebels skal gå over fire år, men Matre meiner det er liten grunn til å tru at ein så stor pott vil kome distriktet her til gode kvart av desse åra. Det er mange om beinet.
Mange prosjekt
60 prosent av summen på sju millionar, rundt fire millionar kroner, blir utbetalt før nyttår. Resten kjem på nyåret.
— Dette er eit unikt høve til å få til gode prosjekt innan næringslivet, og det er nok av prosjekt å velje i. På skipingsmøtet var det semje om å prioritere fellesprosjekt. Til dømes kan breiband, kompetanseheving i bedriftene og liknande vere aktuelt, men det er berre å kome med framlegg. Også dei som ikkje har 7,7 millionar i lønsutgifter, har vi gitt opning for. Dei kan kome med idear og prosjekt i Nye Vindafjord innan utgangen av oktober i år, seier Matre. Dette vil det bli orientert nærare om i starten av oktober.
Dei bedriftene som er aktuelle må vere etablerte, då det er andre stønadsordningar for nyetableringar.
Ordninga gjeld heller ikkje for primærnæringane, slakteria og fiskeoppdretta.
Skal styrkje næringslivet
At arbeidsgjevaravgifta gjekk opp frå 10,6 til 14,1 prosent ved årsskiftet fordi EU ikkje lenger […]