Lyse utsikter for rigg

— Det er klart at oljeselskapa sine krav om eit nytt og for dei betre […]

— Det er klart at oljeselskapa sine krav om eit nytt og for dei betre skatteregime ikkje har den same gjennomslagskrafta når oljeprisen ligg og dunkar opp mot 50 dollar fatet. Aktiviteten har teke seg godt opp. Noko vi ikkje minst merkar i riggmarknaden. Etter nokre år med til dels laber leiteaktivitet, er det no stadig fleire selskap som satsar friskt. Hjå oss har vi allereie merka dette med at den eine riggen som har lege i opplag hjå oss dei to siste åra, no er ute i arbeid på Nornefeltet, fortel sjefen hos Westcon, Øystein Matre.
Konkurranse
Men om himmelen er aldri så blå, er det slett ikkje sikkert at høgtrykket fører til sol over Ølensvåg.
– Det er mange om beinet. Konkurransen er hardare enn nokon gong. Det handlar stort sett ikkje om anna enn pris i første omgong. Men når jobbane først er sikra, hjelper det veldig å ha ein slik solid stab som den du finn hos oss, skryt Matre.
– Vi håpar sjølvsagt at vi skal få vår del av den volumauken som vi ser vil koma. I ei tid der det er vinter og vår mellom kvart nybygg, har riggmarknaden alt synt seg å vera gull verd for verksemda vår. Det siste året ville det vore smalhans utan alt riggarbeidet.
Spekemat
ONS i Stavanger er messa der konge og statsminister høyrer like naturleg inn som oljestatsråd Thorhild Widvey og den nye Statoil-sjefen Helge Lund. Ei messe der smørbrøda er høgare, champagnen dyrare og kulturinnslaga alltid vert henta frå øvste hylle. Rett og slett ei lita veke annakvart år der Stavanger vert snudd heilt på hovudet. Der det er fullt mogeleg å gå frå mottaking til mottaking, og der ein helst treng hjelp til å bera med seg alle dei milde gåvene som dukkar opp langs ruta.
Kva så med Westcon-konsernet?
— Vi har litt spekemat ståande framme. Noko å leska seg på skal vi vel også klara å hosta opp. Men der stoppar det også, smiler Jackie Kallevik.
Det er med andre ord eit stykke fram til dei standane som stiller med eigne sushi-kokkar og vin-kelnarar.
Internasjonalt
Årets messe i Stavanger syner også for alvor at ein del nye aktørar er i ferd med å bli store innan olje og gass. Russland har posisjonert seg skikkeleg under teltdukane. Det same må ein kunne seia om Brasil og eit par andre land i Sør- og Mellom-Amerika. Berre nokre meter unna standen til Westcon har ein polsk verftsgigant slått seg ned. Modellar av store tankskip bygde for norske reiarlag står tett i tett og minner oss om at tidene har endra seg.
— Polakkane er flinke. Men til liks med dei andre verfta i aust, merkar også dei eit aukande kostnadsnivå. Vi har i tillegg fordelen av å liggja noko nærare oljefelta i Nordsjøen. Hovudproblemet vårt er faktisk å få tak i god norsk arbeidskraft. Difor lyt vi av og til henta inn arbeidarar frå utlandet. Men om dei er aldri så flinke til å arbeide, og om dei er noko rimelegare per time, vert ikkje sluttreknestykket særskilt annleis enn med berre norske arbeidarar på løningslista. Administrasjon og språkbarrierer er aldri særskilt effektivt, konkluderar ein optimistisk Øystein Matre.