Klippekort på landslaget

Det var en tilfreds Torgeir som fekk beskjed om at han er med i landslaget […]

Det var en tilfreds Torgeir som fekk beskjed om at han er med i landslaget sine framtidsplanar. Det siste året har han vore fast inventar på G 19-landslaget. Dalen tok godt vare på sjansen då han fekk spele med det norske flagget på brystet. Ølen-talentet takka for tilliten med å spele bra. Landslagsleiinga var einig om at 18-åringen har kvalitetar til å hevde seg på dette nivået. Dalen legg ikkje skjul på at han hadde håp om å bli med då treneren nå offentleggjorde troppen til den nordiske meisterskapen i Sverige. Namnet hans var blant dei tolv som hadde passert det trange nålauget. Den siste helga i august er det samling.
Godt miljø viktig
— Vi skal gjere den siste finpussen i Sand. Deretter reiser vi rett til Sverige. Eg håpar og trur vi skal gjere ein god figur i nabolandet, seier Torgeir. Han har i mange år framheva seg på volleyballbanen. Tenåringen var ikkje gamle karen då han begynte å hevde seg. Det var eit veldig bra volleyballmiljø i heimbygda da han begynte. Nå er det ikkje fullt så stor aktivitet i morklubben. G 15 og herrelaget er det einaste tilbudet. Torgeir meiner den store aktiviteten på slutten av nittitalet har vore viktig for utviklinga hans. For å få eit best mogleg trenings- og kamptilbod spelte han denne sesongen for Sveio. Der var han ein av de mest sentrale.
Ferierer i heimbygda
— Det var skuffande at vi ikkje klarte å kvalifisere oss for NM-sluttspelet. Vi har oss sjølve å takke for at det blei slik, seier den lokale juniorlandslagsspelaren.
Sveio kom for seint til den første kvalifiseringskampen. Dermed fekk motstanderen poenga. Då det blei eit knepe tap i kamp nummer to, var NM-eventyret over. Torgeir er meir opptatt av å sjå framover enn å dvele ved tidlegare prestasjonar. Han skal bruke vekene som kjem til å finpusse formen.
— Vi har fått beskjed om å vere skikkeleg budde når vi kjem til Sand om knappe to månader. Eg kjem til å prioritere den fysiske delen. Løping og styrke blir viktig.
— Korleis er det for ein landslagsspelar å feriere i heimbygda, Torgeir?
— Det er heilt fantastisk. Eg har i vinter gått på gymnaset i Husnes. Derfor er det kjekt å vere litt heime. Flesteparten av kameratane er også i Ølen i sommarmånadene. Eg prøver å setje av litt tid til dei eg vaks opp saman med. Har ingen fast sommarjobb i år. Men eg har sagt meg villig til å hjelpe til litt heime mellom treningsøktene. Det er greitt å ha litt anna enn treninga å tenkje på, sa Dalen som synest også det er kjekt med litt lommepengar.