Keramikk og steingods som han sjølv har laga er allereie på plass. Det gjenstår berre å henge opp fleire bilete på dei nymalte kvite veggene.
— Me hadde eigentleg tenkt å opne ein såkalla innvandrarbutikk, men me fann ut det blei for travelt, forklarer Salte.
Dermed sette han ut i livet ideen om ein utstillings- og utsalsplass til sitt eige kunsthandverk i lokalet der Sjoarståvo heldt til tidlegare i Etne sentrum. Han kjem til å få med seg kona, Anne Salte, til å drive galleriet.
Får tankane til å losne
Skulpturar og bruksgjenstandar i ein særeigen og robust stil er allereie på plass. Det er stor variasjon i storleiker og former, nokon organiske og nokon ornamenterte. Eit stort og innbjodande sjakkbrett er mellom kunstgjenstandane til Salte som skil seg ut. Nokon av gjenstandane gjev assosiasjonar til gamle skulpturar og andre gjev ei fornemming av havet.
— Eg blir inspirert av litt av kvart, eg har mellom anna lese ein del om Påskeøya. Eg må ut og hente inspirasjon for at tankane skal losne, seier Salte.
Han fortel vidare at han har ein keramikar som heiter Kjell Johannesen som eitt av førebileta sine.
Jobbar i Nordsjøen
Keramikk driv han med ved sida av jobben som kjøkensjef på Troll A i Nordsjøen. Opphavleg er han utdanna bakar og konditor. Som keramikar er Salte hovudsakleg sjølvlært, men han har delteke på nokre kurs.
— Eg har bygt eigen keramikkverkstad på Fjøsna i Etne der eg bur. Eg hadde nok blitt lei viss eg skulle drive med dette på full tid, det er godt å kombinere det med noko anna, seier Salte.
Han fortel at det tar enormt med tid å lære seg handverket skikkeleg, og han har gått forsiktig fram. Han har ikkje vilja selje så mykje før, sidan han er opptatt av at det skal vere skikkeleg det han sel. Nokre utstillingar har han likevel deltatt på. Den siste tida har det blitt iherdig jobbing mellom øktene i Nordwsjøen, både for å få laga nok gjenstandar til galleriet og for å få pussa opp lokalet.
— Eg satsar på å opne på fredag, seier han.
Då kjem iallfall logoane til det nye galleriet på plass. Salte reknar med å ha ope i helgar og feriar framover.
Galleri med eigen kunst
Keramikk og steingods som han sjølv har laga er allereie på plass. Det gjenstår berre […]