Hausten har absolutt gjort seg gjeldande – frå si verste side. Varsla for helga og heile neste veke er dyster; regn og atter regn.
NVE sendte i dag ut illevarslande melding for Vestlandet fram mot helga:
Varselet går på mykje nedbør fram til og med fredag. Det er venta aukande vassføring, men likevel ikkje på nivå for 5-årsflaum i større vassdrag.
– Lokalt mykje nedbør kan medføra flaum og auka fare for jordskred. Dette gjeld spesielt i terreng med bratte skråningar, og langs elver og bekkar med stor vassføring, melder NVE.
Varslet gjeld frå nord i Rogaland til Sunnmøre. Tettbygde strøk vil vera spesielt utsett.