Ein mann vart lettare skadd då bilen han førte hamna utfor vegen i ein slak høgresving ved Likskar, aust for Etne sentrum rett etter klokka 18.00 tysdag kveld.
Operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at sjåføren, ein mann (50) er frakta til sjukehuset i Haugesund for behandling.
Skadeomfanget er ukjent, men skal ikkje vera alvorleg. Vitne på staden fortel til Grannar at sjåføren både var medviten og kunne gå på eigne bein då han kom ut av ulukkesbilen.
Årsak til uhellet ikkje klarlagt. Politiet har undersøkt åstaden og vil oppretta sak.