Klokka 13.17 torsdag melder politiet at det har vore ei arbeidsulykke ved Ølen Betong sitt anlegg i Ølensvåg.
Fall frå truck
— Ein arbeidar skal ha falle ned frå ein truck, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitteer.
Både ambulansepersonell, brannvesen og politiet er på staden.
Ifølgje operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt får arbeidaren behandling på staden.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.05.
— Eg har førebels ikkje fleire opplysningar å kome med, sa Jensen til Grannar like før klokka 13.30.
Til sjukehus
Klokka 13.48 melder politiet at arbeidaren er sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.
— Sjukdom utelukkast ikkje som årsak til fallet, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.