Nyheitsstudio
Auke i gjelda i hushalda
Tolvmånadersveksten i hushaldsgjelda auka med 0,1 prosentpoeng til 4 prosent sist månad, viser nye tal frå SSB.
Daglegvarekjedene et opp dei lokale bakeria
Daglegvarekjedene bruker stadig meir eigne bakeri. Det truar både lokalbakeria og sjølvforsyninga meiner Bakarforeininga.
– Talet på bakeri i Noreg er halvert sidan 80-talet, det handlar om sjølvforsyning, seier Gunnar Bakke, direktør i Baker- og Konditorbransjens Landsforening (BKLF).
Nationen
har snakka med fleire bakeri som slit med å halde oppe drifta fordi dei ikkje lenger får lov til å levere bakst til daglegvarekjedene.
Bakke meiner det hindrar fri konkurranse og mangfald.
– I dag er det tre store bakeri som produserer til butikkane sine, det skaper bekymring i bransjen vår.
Kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen hos Coop Norge fortel at kundane deira vil ha mindre ferske og meir butikksteikte brød.
– Det er ikkje slik at vi har eit ønske om å selje færre lokalproduserte bakarvarer, men vi må tilpasse oss konkurransesituasjonen, seier han
(©NPK)
Vindkraftkommunar får pengar til natur og friluft
Som eit plaster på såret til kommunar som har bygd vindkraftanlegg, får kommunar, lag og foreiningar i ti fylke til saman 28 millionar kroner.
Kva rettar har du ved bruktsal på nett?
Mange veit ikkje kva retter dei har når dei handlar brukt på nett. Meir enn halvparten av nettplattformer gir ikkje god nok informasjon, viser ei ny EU-undersøking.
Blant 365 nettplattformer for kjøp og sal av brukte varer hadde 185 av dei ikkje god nok informasjon om forbrukarrettar knytt til bruktsal, skriv Forbrukartilsynet i ei pressemelding.
Blant desse var også norske bruktsalsplattformer.
Forbrukartilsynet presiserer at det gjeld ulike reglar om ein handlar frå private eller næringsdrivande.
Handlar du hos næringsdrivande har du framleis 14 dagars angrerett i tillegg til to til fem års reklamasjonsfrist, sjølv om vara er brukt.
Handlar du hos private har du ikkje angrerett, men reklamasjonsrett gjeld, sjølv om det at vara er brukt vil vere ein del av vurderinga.
Det gjeld også å hugse at du sjølv har ei plikt til å undersøkje vara ved privatkjøp.
(©NPK)
5000 klaga til Sivilombodet i fjor
Sivilombodet fekk i fjor 4998 nye saker. Talet på saker har auka kraftig dei siste to åra.
Stabilt søkartal ved Tveit vidaregåande
– Me er fornøgde med talet på nye søkarar til VG1 ved skulen, seier Kåre Åsheim, fungerande rektor.
Søkartalet har i fleire år lege på 60-70 elevar, og dette året ligg dei på øvre del av søknadsmengda. Totalt har 90 unge søkt studieplass ved Tveit dette året, fordelt på fleire årsklassar. Av dei er det 40 søkarar til VK1. Totalt reknar ein med at i alt 70 elevar vil takke ja til studieplass i kommande skuleår.
– Me har 50 internatrom tilgjengelege, og sidan fleire og fleire av elevane vil ha eige rom, så passar det oss fint med eit slikt elevtal, seier rektor.
Førsteårsstudentane går på linja for generelt naturbruk der dei får kunnskap i fagområde dei kan velje året etter.
– Me har cirka 15-16 studentar innan kvart fag, men i år er det litt få elevar ved anleggsgartnarlinja. Det er synd, for denne linja gir god opplæring innanfor eit breitt spekter, og det er vanlegvis lett å få læreplass. I år har me styrka lærarstaben, noko som særleg vil komme elevar på denne linja til gode, seier Åsheim.
Hund tillate
Linja med dyrefag er blitt svært populært, der elevane kan ha med seg sin eigen hund. Hestane som skulen har er også populære. Men skulen tilbyr eit breitt spekter av fag:
– Me samarbeider med akvakulturbedrifter som kan tilby studieplass til dei som har havbruk som studieretning.
Rektor Åsheim nemner at dei er spesielt glade for å ta imot åtte elevar frå vår eigen kommune.
– Me har elevar frå store deler av den utvida regionen. Både Sveio, Karmøy, Bømlo, Stord, Suldal og Sør-fylket er representert i tillegg til nokre elevar frå Sørlandet. Dette set sitt preg på Nedstrand, med auka handel og bruk av transportmidlar. Me meiner at skulen har mykje å seie for miljøet her, seier rektor Kåre Åsheim.
Bil av vegen i Skjoldastrumen
Klokka 20.30 måndag meldte politiet om ei trafikkulukke i Skjoldastraumen.
Ein bil har køyrt ut av vegen. Naudetatane er på staden. Berre føraren var i bilen. Føraren framstår ikkje som alvorleg skadd.
Ingen trafikale problem. Bilen er ute av køyrebanen. Føraren er sjekka av ambulanse som var på staden og framstår som uskadd.
Fugleinfluensa påvist hos britisk sau
For første gong nokosinne har det vorte påvist fugleinfluensa hos ein sau i Storbritannia, opplyser styresmaktene.
– Tilfellet vart oppdaga under eit rutinemessig sjekk av oppdrettsdyr i Yorkshire, der det hadde vorte påvist tilfelle av fugleinfluensaviruset H5N1 blant tamme fuglar, heiter det i ei fråsegn referert av Reuters.
Sjølv om tilfellet er det første som er påvist hos sau i Storbritannia, er det ikkje første gong det er påvist hos andre oppdrettsdyr i utlandet, understrekar britiske styresmakter.
Dei trur ikkje tilfellet utgjer ein auka fare for andre oppdrettsdyr i Storbritannia.
(©NPK)
Helsetilsynet vil ha vaksinasjon til ein låg pris for å nå fleire eldre
Helsetilsynet støttar forslaget om å innføre eit vaksinasjonsprogram for eldre mot sesonginfluensa, covid-19 og pneumokokk sjukdom.
Fleirtalet vil droppe skattelette til fordel for opprusting
7 av 10 nordmenn meiner Noreg bør prioritere meir pengar til Forsvaret dei neste åra i staden for å gi skattelettar, viser ny undersøking.
Undersøking: 13 prosent vil kutte i Noregs bistand
13 prosent av norske veljarar meiner Noreg bør kutte bistand til fattige land og nødhjelp, etter at USA kuttar i bistanden sin. Det viser ei ny undersøking.
Politiet vil fjerne minibankar for å få bukt med narkotikakriminalitet
Politiet i Oslo ønsker å fjerne fleire minibankar for å få bukt med narkotikakriminalitet og ran.
Spinat blir trekt tilbake – kan føre til akutt helsefare for barn
Eltøa Salatgartneri trekker tilbake «Spinat frisk» og «Babyspinat – frisk» etter funn av plantevernmiddelrestar.
Foreslår å gjera Airbnb-utleige mindre lønnsamt
Utleige av bustader har vorte mindre lønnsamt, og no tilrår bustadforskarar fleire tiltak for å sikra nok utleigebustader.
– Auka utleigetilbod frå private i primærbustader og ikkje-kommersielle aktørar har vege opp for fallet i sekundærbustader og kommersiell utleige, seier forskar Mari O. Mamre ved Oslomet til Finansavisen. Rapporten, utarbeidd av forskarar frå Oslomet og Universitetet i Agder (UiA) på oppdrag frå Husbanken, tilrår mellom anna å gjera det mindre attraktivt å bruka sekundærbustader til korttidsutleige gjennom Airbnb.
– Generelle skattelettar for sekundærbustader vil vera lite målretta og kostnadskrevjande. I staden bør ein vurdera tiltak som gjer det mindre lønnsamt å bruka sekundærbustader til andre formål enn som primærbustad, seier Mamre.
Forskarane foreslår òg å stimulera til auka bygging av utleigebustader, og dessutan betre låneordningar til kommunale bustader for å møta aukande etterspurnad etter utleigebustader.
Auka busetjing av flyktningar har ifølgje rapporten bidrege sterkt til auka etterspurnad og press på leigeprisane.
(©NPK)
Regjeringa satsar 45 millionar på betre skulemiljø
No aukar potten for skulemiljøteam. Små og store kommunar over heile Noreg kan søkje.
Regjeringa aukar potten for skulemiljøteama til 45 millionar kroner. Det er ein kraftig auke frå 15 millionar som var vedteke i det opphavlege budsjettet. Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) trur satsinga vil gjere at mange fleire elevar ved fleire skular kan få hjelp.
– Mange skular står i krevjande saker som kan vere vanskelege å løyse åleine. Teama skal bidra til at skular med særlege utfordringar får tett oppfølging slik at elevane opplever god læring og trivsel, seier Nordtun i ei pressemelding.
I 2024 fekk 23 kommunar
pengar til skulemiljøarbeid.
Dette året kan ein kommune søkje og få tilskot på vegner av eit regionalt nettverk.
(©NPK)