Kva gjer deg glad?
– Eg blir veldig glad når nokon seier eg har fine klede på meg. Aller best likar eg å ha på meg fine kjolar.
Ella Bakkedal
– Eg blir glad når eg får møta broren min, Jens. Eg saknar han når eg er på skulen og han er i barnehagen.
Liva Nesheim Sandvik
– Eg blir glad når folk er flinke med å hiva søppelet der det skal vera. Det er veldig viktig, og når alt er reint og fint rundt meg, blir eg glad.
Eiril Tandervold Krokedal
– Godteri! Eg blir kjempeglad av godteri, spesielt sjokolade. Då hoppar eg fordi eg blir så glad.
Milla Aaker
– Eg blir veldig glad av at me bur i eit heldig land, og at me slepp å vera redde. Eg synest synd på dei som bur i land med krig.
Aksel Holten Leifsen
– At me kan vera trygge når me går og legg oss om kvelden. Eg er aldri redd for at nokon skal koma å stela meg mens eg søv. Barn i andre land er redde for det
Tobias Særsten
– At me bur i eit rikt land som har mat nok til alle.
Siren Krokedal
– At eg har ein venn. Milla er min venn, og det er kjekt å leika med henne.
Pola Maria Bartczak