F.v.: Sina Marie Hjelmervik Eljarvik, Espen Molnes Lauareid, Emelie Anny Iren Torkelsen Egberg, Robert Røgelstad, Mariell Mortvedt Karstensen, Martin Larsen Sævareid, Thalia Sandanger, Christer Winterthun og Anita Vaka Åsheim.
Foto: Grethe Hopland Ravn
F.v.: Sina Marie Hjelmervik Eljarvik, Espen Molnes Lauareid, Emelie Anny Iren Torkelsen Egberg, Robert Røgelstad, Mariell Mortvedt Karstensen, Martin Larsen Sævareid, Thalia Sandanger, Christer Winterthun og Anita Vaka Åsheim. Foto: Grethe Hopland Ravn

10. klasse, Skånevik skule

Kva er din framtidsdraum?

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-anita

– Min framtidsdraum er å jobba som helsefagarbeidar eller sjukepleiar på ein omsorgsheim. Eg trur ikkje eg blir buande i Skånevik når eg blir vaksen. Hadde vore kjekt å prøvd å bu ein annan stad også.

Anita Vaka Åsheim

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-thaila

– Min framtidsdraum er å få ei utdanning innan tropiske dyr. Har lyst til å jobba i Karibien, Puerto Rico eller i ein dyrehage ein stad. Eg vil gjerne gjera ein forskjell for dyreartar som er utryddingstrua. Eksempelvis tigrar.

Thalia Sandanger

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-sina

– Draumen er å få ein jobb eg trivest i. Ein jobb som handlar om menneske. Så drøymer eg om å reisa og oppleva ting. Har alltid hatt lyst til å reisa til Liverpool.

Sina Marie Hjelmervik Eljarvik

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-robert

– Draumen min er å jobba som entreprenør eller maskinførar, og til hausten kjem eg til å velja TIP eller byggfag på vgs. Eg har ingen planar om å flytta frå Skånevik, og ser ikkje bort frå at eg bur her også når eg blir vaksen.

Robert Røgelstad

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-martin

– Eg har lyst til å bli røyrleggar, og jobba med anleggsmaskin. Kan godt hende eg blir buane i Skånevik når eg blir vaksen. Til hausten kjem eg til å gå på byggfag i Ølen og året etter kan det hende eg flyttar til Os på skule.

Martin Larsen Sævareid

12-20-klassen min-skånevik-10.klasse-espen

– Eg drøymer om å utdanna meg til kulde- og ventilasjonsmontør. For å bli det må eg gå elektro, og det vil eg gjer enten i Ølen eller i Kvinnherad. Så har eg lyst til å ta lastebil-lappen i tillegg.

Espen Molnes Lauareid